Vi er stolte av å kunne presentere programmet for Festspela i Geiranger 2021!
Tine Thing Helseth er festspelprofil på Festspela i Geiranger 2021
Stjernetrompetist Tine Thing Helseth er festspelprofil når dei første Festspela i Geiranger går av stabelen 16.-19. september 2021. Publikum vil få oppleve Tine i fleire sjangrar og format gjennom festivalen; på åpningskonserten fredag, på festkonserten laurdag med sin eigen tango-trio – og ikkje minst på eit klassisk fjordcruise på Geirangerfjorden søndagen. LENKE TIL PROGRAM Tine Thing Helseth er utan tvil den fremste klassiske trompetsolisten i Noreg i dag, og har trass ung alder rukke å etablere seg som ein internasjonal toppsolist med sitt karakteristiske mjuke og klare spel. Ho har opptrådt i Royal Albert Hall og eit fullsett Carnegie Hall, og vore solist med leiande orkester verda rundt. No kjem ho til Festspela i Geiranger som festivalen sin første festspelprofil.I ein alder av 29 år vart Tine innsett som professor på Norges Musikkhøgskole, og mange har nok óg opplevd ho som programleiar på TV og i radio. Til Festspela i Geiranger kjem ho med pianist Gunnar Flagstad og gitarist Jarle Storløkken, to av dei leiande musikarane i Noreg innan sine sjangrar. Publikum kan oppleve Tine Thing Helseth fleire gonger i løpet av festspeldagane, ikkje minst på festkonserten laurdag kveld og på klassisk fjordcruise søndag, med nasjonalromantiske perler under dei ikoniske fossane “Dei sju søstre”.Helseth sjølv ser fram til å kome til Geiranger: “Jeg gleder meg enormt til å spille i Geiranger og få oppleve den unike naturen i samspill med musikken! Jeg synes det er stor stas å få spille så mye forskjellig musikk med supre kolleger.” seier ho.- Vi er veldig glade for at Tine Thing Helseth vil kome hit, og vi er utruleg stolte av å kunne presentere ein festivalprofil av eit slikt format allereie i vårt første år. Tine har eit rikhaldig og breitt repertoar, og i løpet av Festspela får vi oppleve fleire av desse – både klassiske verk, nasjonalromantikk og tango med Tine sin eigen tango-trio, seier Gunnar Inge Eide, styreleiar for Festspela i Geiranger.
Mangfaldig festspelprogram
Det første Festspelet i Geiranger går over fire dagar og skulle opprinneleg arrangerast i april. Grunna koronasituasjonen vart det utsett til 16.-19. september, for å kunne oppretthalde det planlagte programmet med rikhaldige og varierte konsertar og opplevingar. – Vi startar torsdag kveld med klassisk vorspiel, der styret i Festspela med vener inviterer til uformell konsert. Fredag byr vi på heildagsseminar om kulturturisme på dagtid, før det blir offisiell opningskonsert og operapub på kvelden. I tillegg til Tine Thing Helseth, presenterer vi på opningskonserten fleire solistar og klassiske ensemble. Konserten serverer på mange måtar smakebitar av det resten av festivalen har å by på, seier styreleiar Eide. Laurdag og søndag bli det workshops og konsertar med unge talent, ei levande festivalgate med musikkinnslag, lokal mat og aktivitet, og konsertar både innandørs og på fjord og fjell.- Geiranger er ei unik ramme for eit festspel, med mange spektakulære konsertarenaer. Det vil vi benytte oss av, seier Eide, og nemner Dalsnibba 1500 m.o.h., og Fjordcruise under Dei sju søstre som eksempel.- Festkonserten laurdag blir eit høgdepunkt. Fleire av arrangementa vil óg presentere lokal mat som del av opplevinga. Hotel Union i Geiranger har konsertsal som held høg kvalitet, og kan romme eit stort publikum. Her vil dei to største konsertane finne stad, og billettsalget er opna både for opnings- og festkonserten, seier Eide.Festspela i Geiranger inneheld totalt ni opne konsertar i tillegg til seminar, festivalutstilling, festivalgudteneste og festivalgate. Billettsalet er opna for fleire av konsertane, dei siste vil bli publisert utover våren.
Gode samarbeid
Festspela i Geiranger har inngått eit samarbeid med Operaen i Kristiansund, som vil setje preg på programmet gjennom heile festivalen.- Operaens Sinfonietta vil både ha ei eiga avdeling på festkonserten laurdag og spele ein familiekonsert søndagen. I tillegg vil publikum møte Operaens stryke- og blåsekvintett på fleire arenaer gjennom helga, seier styreleiar Gunnar Inge Eide. Han er svært glad for samarbeidet med den regionale institusjonen.- Det gjev Festspela eit kjempeløft. På festkonserten får vi møte dei saman med dirigent og stjernefiolinist Øyvind Bjorå. Han er konsertmester i Den norske Operas orkester, men har også eiga karriere som fiolinsolist og dirigent. Som dirigent har han leia alle dei store norske orkestera. Under Festspela i Geiranger får vi óg høyre han i solokonsert med pianist Gunnar Flagstad på laurdagen. Operaens Sinfonietta er eit kammerensemble med 14 profesjonelle musikarar. Sinfoniettaen er svært aktive heile året og er det einaste profesjonelle orkesteret på kysten mellom Trondheim og Bergen. Dei kjende songarane Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert Djupvik flytta i fjor til Tomrefjord, og i år er dei å finne på Festspela sitt program. Dei har begge internasjonale karrierer, og skal mellom anna halde Operapub på Hotel Union.Gunnar Inge Eide i festspelstyret håper på mykje besøk og god stemning gjennom helga.- Vi har tatt høgde for at det vil vere koronarestrikasjonar, og er godt førebudd på det. Eg vil ønskje alle velkommen til fire trygge og unike dagar fulle av musikk og gode opplevingar i vakre Geiranger.
Lokal medverknad
Bygda sine eigne musikkressursar blir også å høyre i løpet av helga, og ikkje minst gler vi oss over at vi har fått med Tone Oline Knivsflå som forteljar saman med Operaens Sinfonietta i Prokofiev sin Peter og Ulven. Knivsflå er songar og skodespelar frå Geiranger, og er for tida student ved Teaterhøgskulen. Ho har fått gode kritikkar for sitt arbeid, mellom anna vart ho kåra til “best supporting actress” av magasinet Broadway World for rolla si i musikalen “Dogfight”.
Festspela i Geiranger – stor musikk i ei lita bygd
Festspela er Geiranger sin eigen festival med fokus på klassisk musikk og nærliggande sjangrar, og inviterer til fire dagar med aktivitet i skuldersesongen med artistar og kultur på toppnivå. Vi tilbyr unike kunst- og kulturopplevingar i det unike verdsarvmiljøet, og vil med det vere med og stimulere til levande og engasjerte lokalsamfunn.
Nærleiken til naturen og til menneska gjer Festspela til noko heilt spesielt. Velkomen til å møte musikken, bygda, naturen og musikarane.