Årets festivalprofil er fantastiske Tine Thing Helseth! Les meir om ho her!
Du får høyre Tine Thing Helseth på konsertar gjennom heile helga. Tine vann hjarta våre då ho som ung trompetist fekk andrepremie i den prestisjetunge konkurransen “Eurovision Young Musicians Competition” i 2006. Sidan har vi høyrt henne i mange store og viktige samanhengar, der ho rører oss med sitt vakre og lyriske spel.
Tine Thing Helseth har allereie etablert seg som ein av sin generasjons leiande trompetistar, med sitt karakteristiske mjuke og klare spel. Ho har vore solist i leiande orkester frå heile verda, i tillegg til alle dei store norske orkestera. I 2007 opptredde Tine med opningsnummer under Nobels Fredspris-konsert, som vart sett av TV-sjåarar over heile verda. Same år kom debut-albumet hennar, som ho mottok Spellemannpris som «Årets nykommer» for, og som av Aftenposten vart utnemnd til ”årets klassiske album”. Hennar andre album frå 2009, Mitt hjerte alltid vanker – som besto av ei samling av julemelodiar selde til gull etter kun tre veker. Hennar tredje album, Storyteller, kom i 2011 som det første av i alt fire album utgjeve gjennom det internasjonale plateselskapet EMI. I 2013 vart Tine nominert til «årets nykomar» av The Classic Brit Awards for albumet Tine.
Forutan karrieren som solotrompetist er Tine svært aktiv: I august 2017 feira Tine 30-årsdagen sin med storslagen bursdagskonsert i Operaen og utgjeving av nytt album, Never Going Back, der Tine viser ei ny og hittil ukjent side av seg sjølv: som ein stilsikker singer-songwriter. Plata er produsert av multiinstrumentalist og jazztrompetist Mathias Eick.
Ho lanserte i 2013 festivalen tine@munch på Munchmuseet i Oslo. Ho sto sjølv som kunstnerisk leiar, og med seg fekk ho ei rekke store klassiske utøvarar, som Nicola Benedetti, Kathryn Stott, og våre eigne verdsstjerner Leif Ove Andsnes og Truls Mørk. Året etter var blant andre Andreas Ottensamer, Maxin Rysanov og Eli Kristin Hanssveen å finne i festivalprogrammet – og Ingrid Bjørnov var med kvart år.
Tine har stått for urframføringa av tallause trompetkonsertar, mellom andre «Easter Concerto» av Bent Sørensen og Chite d’Ètoiles av Mathias Pintscher, sistnevnte med premiere i Royal Albert Hall under BBC Proms – verdens største festival for klassisk musikk.
Tine er i tillegg kunstnerisk leiar i tenThing, et brassensemble beståande av 10 speleglade jenter som presenterer klassisk materiale i messingdrakt. Hausten 2011 kom deira debutalbum 10, med påfølgande turné både i Norge og internasjonalt. I ensemblet Tine Thing Helseth Quintet (TTHQ) har Tine fått med seg fire musikarar med jazzbakgrunn, med et rikt repertoar beståande av alt frå Piazollas Libertango, til irsk folkemusikk, til moderne komposisjonar av Kurt Weill.
I 2016 vart Tine innsett som professor ved Norges Musikkhøgskole. Hun er også å høyre i radiokanalen NRK Klassisk, som programleiar i Min favorittmusikk. Tine har også vore konferansier, mellom anna under talentkonkurransen Virtuos på NRK1.
Februar 2018 var ho m.a på ein lengre, suksessfull turné kor ho m.a spelte for eit utseld Carnegie Hall. Tine er også mentor for unge trompet-talent i prosjektet «Veien til Desembertoner».