Festspela i Geiranger er veldig glade for samarbeidet med Operaen i Kristiansund, som vil setje preg på programmet gjennom heile festivalen.
– Operaens Sinfonietta vil både ha ei eiga avdeling på festkonserten laurdag og spele ein familiekonsert søndagen. I tillegg vil publikum møte Operaens stryke- og blåsekvintett på fleire arenaer gjennom helga. Vi set stor pris på samarbeidet med den regionale institusjonen. Det gjev Festspela eit kjempeløft, seier styreleiar Gunnar Inge Eide.
Laurdag får publikum ei unik oppleving 1500 meter over havet, då sinfoniettaens blåsekvintett presenterer programmet “Grieg og vennene hans” på Geiranger Skywalk Dalsnibba.
På festkonserten får vi møte heile sinfoniettaen saman med dirigent og stjernefiolinist Øyvind Bjorå. Han er konsertmester i Den norske Operas orkester, men har også eiga karriere som fiolinsolist og dirigent. Som dirigent har han leia alle dei store norske orkestera. Under Festspela i Geiranger får vi óg høyre han i solokonsert med pianist Gunnar Flagstad på laurdagen. Operaens Sinfonietta er eit kammerensemble med 14 profesjonelle musikarar. Sinfoniettaen er svært aktiv heile året og er det einaste profesjonelle orkesteret på kysten mellom Trondheim og Bergen. På søndag midt på dag får vi familieforestillinga “Peter og Ulven” av Prokofiev, med Geiranger si eiga Tone Oline Knivsflå som forteljar.