Peter og ulven, eit musikalsk eventyr.

Bli med inn i den spanande forteljinga om Peter og ulven, med Prokofiev sin fabelaktig medrivande musikk spelt av Operaens Sinfonietta fra Operaen i Kristiansund.

Med som forteljar har vi Tone Oline Knivsflå, skodespelar og songar oppvaksen i Geiranger.

Handlinga:
Den unge Peter er ein speidar og bor hjå besteforeldra. Ein dag ser han ein fugl og ei and som kranglar, men han må rømme når ein katt kjem. Bestefaren blir rasande og tek Peter inn, heldigvis, for utanfor kjem ein ulv som slukar anda levande….

Trond Viggo fortel eventyret om Peter og ulven

Tone Oline Knivsflå (opphavleg frå Geiranger) har utdanning frå  m.a. Bårdar Akademiet. Av større oppgåver i skolens produksjonar kan nemast rolla som Milja i ”Ungen”. Etter avslutta studiar har ho allereie gjort seg gjeldande i fleire oppsetningar ved Chat Noir i Oslo, m.a. i rolla som Jenny i Tolvskillingsoperaen, med regi av Sven Sturla Hungnes. Under same leiing var ho med i Ibsens Peer Gynt på Akershus festning sommaren 2018. Ho har også hatt diverse konsertoppdrag; mellom anna i Jakobskirken og ved Bikuben (Det Norske Teatret). I oppsetjinga av Dogfight hausta ho svært gode kritikkar, m.a. frå Broadway News, som tildelte henne prisen for “Best supporting actress”. Heime på Sunnmøre er ho aktiv med eigne konsertar kvar sommar. Frå hausten 2020 er ho student ved Teaterhøgskulen.
Under festspela får vi oppleve henne som forteljar i Prokofiev sin “Peter og Ulven”, eit symfonisk eventyr for born, der den modige Peter tek opp kampen mot den skumle ulven. I stykket får vi også møte dei forskjellige instrumenta i orkesteret.

Tone Oline Knivsflå Foto: Britt Ingunn Maurstad

Operaens Sinfonietta er eit kammerensemble med 14 profesjonelle musikarar. Sinfoniettaen er svært aktiv heile året og er det einaste profesjonelle orkesteret på kysten mellom Trondheim og Bergen.

Dirigent Øyvind Bjorå er ein allsidig fiolinist og dirigent, og blir mogeleg å møte fleire gonger i Festspelhelga. Som dirigent har han leia Oslo Filharmoniske Orkester, symfoniorkestera i Trondheim, Kristiansand og Stavanger, Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, Det Norske Kammerorkester, samt Forsvarets Stabsmusikkorps og Luftforsvarets Musikkorps.

Øyvind Bjorå Foto: Nikolaj Lund

I desember 2015 debuterte Bjorå som dirigent i Den Norske Opera & Ballett med tre forestillingar av Mozart Tryllefløyten, og då denne operaen vart sett opp igjen i september 2017, dirigerte han fem forestillingar.

Vi lovar spaning og vakker musikk! Hjarteleg velkomen!