Unik musikkoppleving «på toppen av verda»

Med sine 1500 meter over havet kan utsikta frå Dalsnibba ta pusten frå ein kvar.

Under Festspela i Geiranger er det nye bygget på fjelltoppen vår mest spektakulære konsertarena. Opplev musikk av m.a. Grieg, Tveitt og Grainger på kanten av stupet, med Operaens blåsekvintett på scena og fjorden og fjella som bakteppe.

Det nye bygget på toppen av Dalsnibba føyer seg naturleg inn i landskapet, og har romslege lokale som for første gong gir høve til å arrangere innandørs konsert høgt over bygda og med fjorden langt der nede under oss. Med den gode akustikken i lokalet og den utrulege utsikten får publikum ei heilt unik oppleving den 18. september.

Grieg og ei kjærleikshistorie
Konserten kretsar rundt ei historie om venskap, og også om kjærleik. Den handlar om ein nederlendar som blir forelska i ei jente frå det høge nord og gjennom henne blir kjend med Edvard Grieg. Vidare om venskap mellom komponistar frå ulike delar av verda, korleis dei finn inspirasjon i folkemusikken og korleis dei yngre blir inspirerte av den noko eldre Grieg.

Vi får høyre eit av Grieg sine signaturverk, Norsk dans nr 2, som heile Norge har blitt glade i og høyrt like etter Dagsrevyen kvar fredag sidan 1976. På programmet står også musikk av nederlandske Julius Röntgen, australsk/engelske Percy Grainger og Geirr Tveitt. Tveitt er representert med utdrag frå 50 Hardingtonar, spesielt arrangert for Operaens blåsekvintett. Eit variert program der vi også får høyre om kva desse komponistane hadde til felles. Eric Dullaert vil leie oss gjennom programmet.

Operaens blåsekvintett

Musikarane
Gjennom heile Festspela har vi gleda av å ha med oss Operaens Sinfonietta frå Kristiansund. Sinfoniettaen er det einaste heil-profesjonelle orkesteret mellom Trondheim og Bergen og det er ein stor rikdom å ha dei med under Festspela. Dei opptrer både som samla ensemble og i grupper, og på konserten på Dalsnibba er det blåsekvintetten vi får høyre. Sidan dette er musikarar som spelar saman heile året er det eit svært samspelt ensemble, med profesjonelle musikarar som kjenner kvarandre godt.  

Ein klassisk blåsekvintett består av fløyte, obo, klarinett, horn og fagott og samansetjinga er mykje brukt av komponistar og kjend for allsidigheit og variert klangfarge.

Turen er ein del av opplevinga
Sjølv om målet er Dalsnibba og den unike konsertopplevinga der oppe, er turen til og frå ei oppleving i seg sjølv. Det er lagt opp til felles busstur opp med ein guide frå Geiranger som kjenner bygda og vegen ut og inn og vil ause av kunnskapen sin om både kultur, historie og natur. Publikum vil få høyre om gardar og grender, om rallarar og vegbygging og elles det som er verdt å vite langs ruta.