Fagseminar om kulturturisme

Fredagen under Festspela i Geiranger inviterar Festspela til fagseminar om kulturturisme i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Seminaret byr på foredragshaldarar både fra felt, forskning og virkemiddelapparatet, og er det første av årlege treffpunkt under Festspela for aktørar som vil lære meir om utvikling i skjæringspunktet mellom kultur og reiseliv.

Kulturturisme er eit satsingsområde internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Turistar er sjeldan berre interessert i ein ting, og satsingar som kombinerer kultur-, natur- og matopplevingar har både vist seg å gjere turistar meir nøgde – og å skape meirverdi for lokalt reiseliv og aktørar innan kulturell og kreativ næring. Kan fleire samarbeidsbaserte prosjekt innan kulturturisme vere ei kjelde til eit meir berekraftig kultur- og reiseliv? Og kva skal til for å få det til i praksis?

Torstein Kollevåg og Eivind Kandal fra Sølvane gard

Blant foredragshaldarane på fagseminaret er Torstein Kollevåg fra Sølvane Gard i Kandal i Gloppen kommune, som saman med Eivind Kandal har utvikla eit konsept som kombinerar kultur, lokalmat og turisme som sentrale delar av gardsdrifta. Torstein er utdanna musikar og har jobba med ulike festivalar og konsertvirksamheit i over 15 år. Vi får og høyre om erfaringane til Catharina Roos Bilsbak i Arktisk Filharmoni, som starta festivalen Arctic Chamber Music Festival i samarbeid med reiselivet på Svalbard. Katrin Blomvik Bakken fra stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vil presentere satsinga Smart fjord KULTUR, som skal skape ny aktivitet i Geiranger i dei kalde månadane i året.

Vi får innlegg fra virkemiddelapparatet på lokalt, regionalt og statlig nivå, ved Knut Perander i Innovasjon Norge, Hildegunn Maria Haanes Ruset i Møre og Romsdal fylkeskommune og næringssjef Knut Roger Nesdal i Gloppen kommune. Dei vil belyse moglegheiter og utfordringar ved verdiskaping gjennom kulturturisme, og konkrete tiltak.

Arthur Almestad

Arthur Almestad er regionansvarleg for Forskingsrådet Møre og Romsdal, og ein kritikar av treffsikkerheta til virkemiddel for å utlyse reell verdiskaping innan kulturturisme. Han vil vise til eksempel på kunnskapsbygging og innovasjon innan feltet kulturturisme som er støtta av Forskningsrådet, og gi innspel til kva som må til for at vi kan få meir forsking og innovasjon på området. Til slutt vil vi arrangere ein open samtale mellom scene og sal på seminaret, moderert av Katrin Blomvik Bakken fra Stiftinga Geirangerfjorden verdsarvstatus/Smart Fjord kultur.

Fagseminaret har ei deltakaravgift på kr 500, som inkluderar lunsj. Les meir og kjøp billett her: https://festspel.ticketco.events/no/nb/e/seminar_kulturturisme21