Vi i Festspela i Geiranger er opptekne av at alle skal ha ein trygg festivaloppleving, og tek smittevern på alvor.
I nær dialog med smittevernmyndigheitene tilpassar vi festivalen til alle råd og regler som til ein kvar tid gjeld. Målet vårt er å skape uforgløymelege fellesskapsopplevingar, der vi er saman på ein smittevernsikker måte.
Dette gjer vi i Festspela:
- Sørgar for at du kan halde god avstand (minst 1 meter) til andre
- Sørgar for handsprit og såpe nok til alle
- Begrensar kapasiteten i konsertlokala og sørgar for avstand mellom kvar husstand eller kohort.
- Legg inn god tid til innslepp av publikum i konsertlokala, for å unngå kø og gi tid til desinfeksjon.
- Sel billettar digitalt og skannar dei i døra, for minst mogleg kontakt.
- Har oversikt over alle publikummarar og besøkande, for sikkerheits skuld. (Personopplysningar takast vare på av smittevernhensyn og brukast kun til smittesporing)
- Har seteplassar på alle innandørs arrangement, og bordservering der det er aktuelt.
- Har godt reinhald, gode rutiner, opplæring og informasjon til alle i stab og frivillege. (Vi har også godt samarbeid med kommuneoverlegen i Stranda kommune)
- Gir god og grundig informasjon om smitteverntiltak.
Dette må du gjere:
- Hald god avstand, minst 1 meter, til andre.
- Sit saman med familien/husstanden, og pass på at det er minst 1 meter til neste gruppe.
- Møt opp i god tid før konsertstart (husk at konserten startar på annonsert tid).
- Vask hendene grundig og ofte, og bruk handsprit.
- Host eller nys i albogen, ikkje ta deg i ansiktet og ta på minst mogleg.
- Er du sjuk, litt snufsete eller pjusk? Hald deg heime, gi bort billetten din til nokon andre – og kom heller neste gong!