Vi har lagt bak oss ei fantastisk helg, med herleg musikk, fantastiske menneske, gode opplevingar og fine møte i Festspela i Geiranger 2021. Vi har blitt kjent med ny musikk, nye menneske og nye smakar.
Alle vi i styret for Festspela vil takke:
✨ Våre fantastiske musikarar ✨
Tine Thing Helseth, Øyvind Bjorå, Gunnar Flagstad, Jarle Storløkken, Stephanie Lippert, Hallvar Djupvik, Martin Bredin, Tone Oline Knivsflå, Lars Martin Vik, Oddbjørg, Geiranger barnekor, Gospelkoret, Jårångskoret, dei åtte talentfulle deltakarane på Masterclass og Meistermøte, og ikkje minst dei strålande musikarane frå Operaens Sinfonietta ved Operaen i Kristiansund. De skapte magiske øyeblikk og minner for livet – tusen hjarteleg takk!
✨ Våre gode støttespelarar ✨
Møre og Romsdal fylkeskommune, Stranda kommune, Sparebanken Møre, Gjensidige Indre Sunnmøre, Hofseth, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og BYRG Kompetanse. Takk for at de har tru på oss, utan dykkar støtte hadde ikkje dette vore mogleg.
✨ Geiranger-bygda, med bedrifter og enkeltpersonar ✨
Hotel Union Geiranger, Havila Hotel Geiranger, Merok Design, Brasserie Posten, Geiranger Fjordservice, Geiranger Skywalk – Dalsnibba, Geiranger Turbuss, Norsk Fjordsenter, Joker Geiranger, The Fjords, FjordGuiding/ RIB Geiranger, Hyke Studio, Geiranger Sjokolade, Emobility Geiranger, Terje som guida på Nibba – og alle andre som stilte opp med festspeltilbod og aktivitetar i helga. Saman skal vi fortsetje å lage verdas beste festspel!
✨ Våre uvurderlege frivillige ✨
Som stilte opp seint og tidleg, og gjerne på kort varsel for å selge billettar, bygge telt, ordne og styre. Stor takk!
✨ Vårt kjære publikum ✨
Eit herleg publikum som kjem frå fjern og nær, aust og vest og er med og lagar god stemning. Takk for alle gode møte, nye bekjentskap, gode samtalar og tilbakemeldingar. Vi er utruleg takksame, og de inspirerer oss!
✨ Vêrgudane ✨
Tenk at vi fikk oppleve nydeleg vêr gjennom heile festivalen – og eksepsjonelt nordlys natterstid. Tusen takk!
Set av 29. sept – 2. oktober neste år – då blir det Festspela i Geiranger 2022! ⭐️⭐️⭐️