Festspela i Geiranger er stolte av å samarbeide med Fjord Geiranger lyskunstfestival som går av stabelen 3.-5. mars 2022.
Fjord Geiranger byr på ei én kilometer lang utstilling med seks unike kunstverk som er spesielt kuratert for fossevandringa og Fjordsenteret i Geiranger. I tillegg kan du oppleve mykje anna på festivalen, som lysbading, lysyoga, lyskunstpub, kunstnarmøte, konsertar og billedkunstutstilling. Geiranger Fjordservice har og satt opp båt tur/retur Ålesund-Geiranger for den som vil la bilen stå og ta fjordveien med moglegheit for pakketilbod i samarbeid med hotella i bygda. Meir om dette HER.
Laurdag den 5. mars byr Trio BACH på ei reise tilbake til 1700-talet og leikent samspel mellom fløyte, fiolin, cembalo og orgel. Etter kritikerroste konsertar i 2021, er det ei stor glede for Festspela å presentere dette lysande ensemblet under lyskunstfestivalen.
Evgenii Zhukov – fløyte
Øyvind Skatvedt Robak – fiolin
Carolin Eide – piano og cembalo
Billettar kostar 200,- for vaksne og gratis for born, og kan kjøpast HER.
Mykje av programmet er dansemusikk, med det leikne og livsglade preget som høyrer dansen til. Komponistane har tilhald både i Italia, Tyskland og England. Trioformatet er eit utruleg fint format både for musikarar og komponistar, og også for publikum. Samspelet mellom tre likeverdige instrument inviterer til både djup refleksjon og leikent samspel og gjev eit fint klangbilete der ein både kan høyre den enkelte stemme og nyte klangen til eit litt større ensemble. Kombinasjonen fløyte, fiolin og klaver er mykje brukt, og det er lett å finne musikk for besetninga. Musikarane har plukka både kjent og ukjent og sett saman eit program for einkvar smak, og byr på eit innblikk i noko av det mest populære av musikk på 1700-talet.
OBS: Vi minnar òg om Festspela i Geiranger som i år vert arrangert frå 29. september til 2. oktober. Sett av helga allereie! Programmet vert lansert i løpet av våren.