Festspela i Geiranger 2022 går av stabelen 29. sept. – 02. okt. med to av Norges mest folkekjære klassiske musikarar på programmet. Arve Tellefsen har trollbunde ei heil verd i over 60 år med sitt virtuose fiolinspel og lune humor. Eli Kristin Hansveen er solist i dei store rollene på operascena, og på Stjernekamp tok ho NRK-sjåarar med storm med si unike stemme og store sjangerbredde. Det blir óg eit gjensyn med Operaens Sinfonietta – og mange andre godbitar i 2022-programmet!
–> For heile programmet og billettar, gå til: www.festspel.no/program
Arve Tellefsen kjem til Geiranger som hovudartist på opningskonserten fredag 30. september. Med seg har han sin gode ven og samarbeidspartnar gjennom mange år, pianisten Kjetil Bjerkestrand. Saman vil dei ta oss med gjennom kjende og ukjende opplevingar frå Arve sitt lange liv i musikken.
– Det er altfor lenge sidan eg har vore i Geiranger, og no gler eg meg til å kome og spele med gamle vener og nye bekjentskap, seier Tellefsen. Leiar for Festspela i Geiranger, Gunnar Inge Eide, er svært nøgd med at Arve Tellefsen kjem til Geiranger på det andre gjennomføringsåret til festivalen.
– Vi er stolte og glade for å kunne presentere ein så legendarisk utøvar i norsk musikkliv for publikummet vårt frå fjern og nær. Arve har eit rikhaldig og breitt repertoar, og han har sett saman eit spanande program for opningskonserten. Eg gler meg både til musikken og anekdotane frå den lange karriera hans, og det er fleire overraskingar på tale som publikum kan sjå fram til, lovar Eide.
Operastjerne med sjangerbredde
Festkonserten på laurdagskvelden er eit anna høgdepunkt i festspelprogrammet. I 2021 leverte den internasjonale trompetsolisten Tine Thing Helseth ein konsert som spente frå Grieg, via tangotonar til Queen – til ståande applaus i Geirangersalen. I år kan publikum oppleve ein anna ettertrakta solist med stor musikalsk spennvidde: Eli Kristin Hanssveen. Som solist på Den Norske Opera & Ballett har ho hatt hovudroller i store oppsetningar som La Traviata, Turandot, La Bohème og Don Pasquale. Som Stjernekamp-sjåarar oppdaga i 2013, har ho meir enn arier på hjartet når ho får velge repertoar sjølv. Og dét får ho på Festspela i Geiranger.
– Noko av det eg gler meg mest til er å synge med alle dei flotte musikarane. Vi har sett saman eit spanande program som spenner frå opera og kabaret til musikal og jazz, og eg skal nyte dagane i vakre Geiranger til fulle, seier Eli Kristin Hanssveen.
Opplevingar seint og tidleg
Festspela 2022 går over fire dagar i månadskiftet september-oktober, med eit rikhaldig program for både morgonfuglar og nattugler. Nytt av året er to soloppgongskonsertar med Rohini Sahajpal, ein av landets fremste utøvarar på strengeinstrumentet sitar. Som utøvar innan klassisk indisk musikk i 4. generasjon er ho ein viktig tradisjonsberar, samtidig som ho stadig fornyar seg gjennom ei rekkje sterke samarbeid i Noreg og utlandet, m.a. med Trygve Seim, Jon Balke, Bendik Hofseth og Transjoik.
For dei som har lakenskrekk byr festspelspubane på store musikalske opplevingar i uformell ramme seint fredag og laurdag kveld. På Kammerpub med frankågunnar vert eit av dei mest kritikerroste prosjekta i musikknorge det siste året presentert, der songaren Frank Havrøy og pianisten Gunnar Flagstad nytolkar og endevender Schubert-songar med ei unik blanding av respekt og glimt i auga. Kvelden er eit perfekt høve til å presentere publikum for Schubert-ølet – årets Festspel-øl utvikla i samarbeid med Geiranger bryggeri. På Jazzpub med Dale/Vik/Roaldsnes/Knudsen får vi oppleve ein av Møre og Romsdals fremste jazzkvartettar leike seg med klassiske standardlåtar og eigne verk. Garantert høg hyggefaktor!
–> For heile programmet og billettar, gå til: www.festspel.no/program
Mangfaldig program på unike arenaer
Festspela i Geiranger 2022 inneheld totalt 12 opne konsertar i tillegg til ein heildags fagkonferanse, festspelutstilling, meisterklasse for unge talent, festspelgudsteneste – og ei yrande festivalgate med musikkinnslag, boder, lokal mat og aktivitet. Det blir konsertar både innandørs og på fjord og fjell.
– Geiranger er ei unik ramme for eit festspel, med mange spektakulære konsertarenaer. Det vil vi benytte oss av, seier Eide, og nemner fjellkonserten med Operaens blåsekvintett på Dalsnibba 1500 m.o.h. og fjordkonserten med Storm Duo og Frank Havrøy under Dei sju søstre som eksempel.
– Hotel Union i Geiranger sin konsertsal held høg kvalitet og kan romme eit stort publikum. Her vil dei to største konsertane finne stad, og billettsalet er opna for alle arrangement, seier Eide. Fleire av arrangementa vil óg presentere lokal mat som del av opplevinga.
– Det er veldig kjekt med slike samarbeid. På Fjordkonserten vil vi for eksempel servere ein tallerken med lekre smårettar av lokale råvarer, som kjekjøt frå kje som har beita i bakkane her. Det blir ei oppleving for alle sansane, lovar gourmetkokk Kenneth Løken frå partnar Brasserie Posten.
Festspela i Geiranger vil i 2022 for fyrste gong presentere ein festspelkunstnar og ei unik utstilling som vil vere open gjennom heile helga.
– Ola Une Ferstad Liland er det sjølvsagde valet som vår første første festspelkunstnar, opprinneleg frå Ålesund, no busett i Geiranger og med ei internasjonal karriere, seier Eide. Liland blir karakterisert som ein figurativ kolorist, og vil stille ut eit rikt utval av måleri, grafikk og mixed media grafikk i Geiranger Galleri.
Gode samarbeid og lokal medverknad
Festspela har sidan starten hatt eit nært samarbeid med Operaen i Kristiansund, og dei profesjonelle musikarane ved kulturinstitusjonen vil setje preg på programmet gjennom heile festivalen.
– Operaens Sinfonietta vil både ha eigne nummer på dei store konsertane fredag og laurdag, akkompagnere solistar og spele ein familiekonsert søndag. I tillegg vil publikum møte musikarane i mindre grupper gjennom helga, seier festspelleiar Eide som er svært glad for samarbeidet. Produsent Britt Westavik ved Operaen i Kristiansund forsikrar at gleda over samarbeidet er gjensidig:
– Vi er stolte og glade over å vere invitert tilbake til Festspela og skal gjere alt vi kan for å gje publikum flotte opplevingar både på Dalsnibba, Geirangersalen og elles rundt i nydelege Geiranger.
Frå Trondheim kjem Coda Vokal, eit vokalensemble med 15 kvinnestemmer og prisar frå kor-NM. Dei presenterer eit breitt repertoar og blir å høyre fleire gonger gjennom helga. Bygda sine eigne musikkressursar er óg representert i programmet, mellom andre folkemusikaren Thea Marie Ytterdal.
– Det er viktig for oss å løfte fram lokale talent. Vi er også opptekne av å gjere musikken vår tilgjengeleg for alle, og arrangerer til dømes konsertar på omsorgsbustadar i bygdene kring Geiranger i eit godt samarbeid med frivilligsentralane i Stranda og Fjord kommuner, seier Eide. Han trur på mykje besøk og god stemning gjennom helga.
– Eg vil ønskje alle velkommen til fire unike dagar fulle av musikk og gode opplevingar i vakre Geiranger, avsluttar Eide.
–> For heile programmet og billettar, gå til: www.festspel.no/program