Den verdskjende operasongerinna Anne Sofie Von Otter gjer berre to konsertar i Noreg i år. Den eine vert under Festspela i Geiranger i september.
Kjøp billettar til konserten her
– At Anne Sofie von Otter, kanskje den fremste mezzosopranen i sin generasjon, kjem til Festspela i Geiranger, er nesten ikkje til å tru. Dette er noko vi har arbeidd med over lang tid, og vi er veldig glade for at vi endeleg får ho til Geiranger, seier Gunnar Inge Eide, styreleiar i Festspela.
Frå Wien og Paris til Geiranger
Svenske Anne Sofie von Otter er Nordens mest kjende operasongar, uansett kategori. Ho har vunne heile tre Grammy awards og vore nominert 23 gongar, gjort over 150 CD-innspelingar og samarbeidd med ei lang rekke kjende musikarar frå Carlos Kleiber og Elvis Costello til Benny Andersson og Björn Ulvaeus frå ABBA, samt dei fremste symfoniorkestra verda over.
– Anne Sofie von Otter er svært ettertrakta og har ein omfattande konsertkalender som i år mellom anna tek ho til Wien, Paris, London, Warszawa og Geneve. Og no er også Geiranger på turnélista, forklarar Eide.
– Eit draumeland å synge i
Festspela i Geiranger går av stabelen 14.-17. september og brukar verdsarvområdet som ei unik ramme for kunst- og kulturopplevingar. Under festivalhelga vert det konsertar både innandørs, ute på fjorden og på fjellet 1500 meter over havet, der publikum kjem tett på både artistane og naturen.
– Noreg har vorte eit draumeland for meg å besøke og synge i. Naturens skjønnheit hos vår kjære nabo er makalaus og eg og mine medmusikarar gledar oss veldig til å komme til Geiranger, seier von Otter.
Til Geiranger kjem ho med dei internasjonalt anerkjende musikarane Leif Kaner-Lidström på piano og Fabian Fredriksson på akustisk og elektrisk gitar.
– Programmet vil spegle den allsidige karrieren hennar. Saman vil dei presentere eit repertoar av hennar personlege favorittstykker, og vil vise kor allsidig songar ho er, forklarar Eide.
Tid: 16. september 2023 kl. 17:30
Stad: Geirangersalen, Union Hotel Geiranger