Ho er berre 16 år, men har allereie bergteke musikk-Europa med sitt fiolinspel. Stortalentet Alma Serafin Kraggerud skal saman med faren, den anerkjende fiolinisten og komponisten Henning Kraggerud og Operaens Sinfonietta spele årets opningskonsert under Festspela i Geiranger i september.
Kjøp billettar til konserten HER
– Eg har aldri vore i Geiranger før, så eg gler meg veldig til å oppleve bygda og spele under Festspela, seier Alma Serafin Kraggerud.
Ho har eit tettpakka konsertprogram i 2023 som mellom anna inneber ein turné med Arktisk Filharmoni til Sveits, solokonsert ved Den Norske Opera og Ballett og ei rekkje festivalar. Konserten hennar under Festspillene i Bergen i juni vart utseld i rekordfart.
– EIN MUSIKAR VI KJEM TIL Å SJÅ MYKJE TIL
Alma starta å spele fiolin allereie som femåring. Ni år gamal debuterte ho som solist saman med Kringkastingsorkesteret under 25-årsjubileet til Kongeparet.
Ho har vunne fleire nasjonale og internasjonale konkurransar, mellom anna «Virtuos 2022» som er NRK sin solistkonkurranse for unge, klassiske instrumentalistar. Samstundes vann ho «Den norske Solistprisen».
– For meg finst det ikkje noko betre enn å stå på scena og formidle historier gjennom fiolinen og følelsar, fortel Alma.
Faren til Alma, Henning Kraggerud, er både musikar, komponist og professor ved Norges musikkhøyskole. Han har reist verda rundt og spelt både solokonsertar og saman med mange leiande orkester. Han har òg vunne fleire prisar, mellom anna Griegprisen i 1998 og Spellemannsprisen for klassisk musikk i 2008.
– Henning Kraggerud er eit stort navn innan norsk musikkliv og Alma er ein musikar vi garantert kjem til å sjå og høyre mykje til framover. Vi gler oss veldig til å sjå dei åpne Festspela i Geiranger i september, seier styreleiar for Festspela Gunnar Inge Eide.
KRISTIANSUND-ORKESTER MED PÅ SCENA
Alma og Henning skal spele åpningkonserten under Festspela i Geirangersalen til Hotel Union Geiranger.
– Far og dotter kjem til å spele fleire stykker saman, i tillegg til eigne soloinnslag. Med seg på scena vil dei ha Operaen i Kristiansund sitt orkester, Operaens Sinfonietta, som Henning óg vil dirigere, forklarar Gunnar Inge.
Repertoaret vil bestå av norsk musikk av mellom anna Ole Bull og Johan Svendsen, i tillegg til store klassikarar som Bach og Bartok.
Dessutan skal Henning Kraggerud framføre sitt eige verk, «RomAntArctica», som han for anledninga har omarrangert for Operaens Sinfonietta og to fiolinistar.
Festspela i Geiranger går av stabelen 14.- 17. september med ei rekkje konsertar og kulturopplevingar på programmet, mellom anna den verdskjende operasongerinna Anne Sofie Von Otter.