Ragnhild Hemsing kjem til Festspela i Geiranger 26.-29.september

Ragnhild Hemsing til Festspela!

Det er utruleg stas at sjølvaste Ragnhild Hemsing blir med oss på Festspela i år. Ho var nyleg hovudartist med ei rekkje konsertar under Festpillene i Bergen og i september kjem ho til Geiranger. Ragnhild deltek gjennom heile helga: Fagseminar og opningskonsert fredag, meisterklasse for unge laurdag, og ei heilt unik konsertforestilling saman med Hallgrim Hansegård på fjellgarden Knivsflå på søndag. Vi gler oss stort!

Ragnhild Hemsing

Årstidene på hardingfele

Ragnhild Hemsing, med røter djupt i norsk folkemusikk og solid bakgrunn frå klassisk musikkutdanning, har markert seg som ein av dei fremste fiolinistane i Noreg. Nyleg var ho Festspelmusikar under Festspillene i Bergen, der ho deltok på ikkje mindre enn tolv konsertar. Under opningskonserten i Geiranger kyrkje vil ho presentere sitt nyaste prosjekt “Vivaldi frå Valdres”, der ho tek med seg dei berømte “Årstidene” av Antonio Vivaldi inn i folkemusikken si verd. Med hardingfela viser ho likskapen mellom folkemusikken og det kjende verket av den italienske barokkomponisten. 

Hemsing uttalar at ho reknar hardingfela som Norges barokkinstrument, og det er fascinerande å sjå kor mykje den europeiske barokkmusikken og vår eigen folkemusikk har til felles.

To unike konsertarenaer

Den berømte fiolinisten gir to konsertar under Festspela. Opningskonserten “Vivaldi frå Valdres” i den tradisjonsrike Geiranger kyrkje fredag kveld gjer ho saman med orkesteret Barokkanerne under leiing av den renommerte luttspelaren Jadran Duncumb. Programmet vart framført for første gong i ein fullsett Håkonshall under Festspillene i Bergen og innheld i tillegg til Årstidene av Vivaldi også folketonar frå Valdres og eit nyskrive verk for hardingfele og barokkorkester av den norske komponisten Agnes Ida Pettersen. Den intime Geirangerkyrkja har ein akustikk som egnar seg svært godt for kammermusikk, og er eit rom der publikum verkeleg kjem tett på musikarane og “kjenner lukta av harpiks”. Å oppleve det kjende verket i det vakre rommet blir ei heilt unik oppleving.

Konsert på fjellgarden Knivsflå


Søndag vert det høve til å oppleve Ragnhild Hemsing igjen, då i fantastiske omgivelsar på fjellgarden Knivsflå. Der vil ho saman med ektemann og dansar Hallgrim Hansegard presentere eit program tilpassa denne heilt unike staden. Hyllegarden Knivsflå like ved fossen Dei sju søstre og med panoramautsikt over Geirangerfjorden, byr på ei ramme rundt konserten som kan måle seg med det aller meste. Å presentere kunstnarar i verdsklasse her er noko arrangørane er svært stolte av. Hallgrim Hansegard vart først kjend gjennom “Fairytale” og samarbeidet med Aleksander Rybak under MGP. Den akrobatiske dansaren har markert seg både gjennom soloforestillingar og i dansekompaniet FRIKAR.

Det er begrensa med plassar på konsertane både fredag og søndag, så arrangørane rår publikum til å vere snare med å kjøpe billettar. Til Knivsflå vert det organisert felles båttransport. 

Orkesteret Barokkanerne.