Laurdag 3. oktober kl. 15.30 tek Bare Egil og Aslag over Hotel Union – og barna får hovudrolla.

Det finst konsertar du høyrer på, og det finst konsertar du hoppar, ler og syng deg gjennom. Bare Egil og Aslag høyrer heime i den siste kategorien.
Laurdag ettermiddag under Festspela blir Hotel Union eit rom der ingen treng å sitje stille. Songane er lettare å bli med på enn å la vere, og humoren treffer både seksåringar og besteforeldre i same sekund.
Konserten høyrer til Barnas Festspel, og passar for heile familien. Kom i god tid – dette er den typen show der dei beste plassane er dei fremste.
