Buss frå Ålesund, 50 % båtrabatt, hotellpakkar, kajakk, Fjordsenter og gratis aktivitetar for heile familien.
Gjer meir ut av Festspela i GeirangerFestspela 1.–4. oktober handlar såklart om konsertane, men også om mykje anna. I samarbeid med gode aktørar i og rundt Geiranger har vi samla ei rekkje tilbod som gjer det enklare å kome seg hit, bli verande litt lenger – og oppleve endå meir av fjorden, bygda og festivalstemninga.
Enten du kjem på dagstur, tek med familien eller vil gjere ei heil helg ut av Festspela, finst det mange gode moglegheiter.
Sjå og last ned heile programmet her.
50 % rabatt på båten mellom Ålesund og Geiranger
Geiranger Fjordservice gir festivalpublikum 50 % rabatt på utvalde éinvegsbillettar 1.–3. oktober. Bruk rabattkoden FEST ved bestilling.
Tilbodet gjeld utvalde avgangar mellom Ålesund og Geiranger, mellom anna Ålesund–Geiranger kl. 08.30 torsdag og fredag, og retur Geiranger–Ålesund torsdag og laurdag kl. 16.00.
Fredag 2. oktober blir turen frå Ålesund dessutan eit eige Festspelcruise, med levande musikk frå ungdomsorkesteret Indre Strøk og musikarar frå Ålesund Strykekvartett om bord.
Ta festivalbussen frå Ålesund laurdag
Laurdag 3. oktober går det dagstur med buss frå Ålesund til Geiranger – perfekt for deg som vil oppleve haustmarknaden, folkelivet og Nordic Tenors utan å køyre sjølv.
Bussen går frå Ålesund rutebilstasjon kl. 09.30 og stoppar mellom anna på Moa, Digernes, Sjøholt, Stordal, Valldal og Eidsdal før ankomst Geiranger kl. 12.35.
Pris er 990 kroner per person og inkluderer transport tur/retur og billett til konserten med Nordic Tenors kl. 17.30. Retur frå Geiranger er etter konserten, om lag kl. 19.00.
Vil du også få med deg fjordkonserten med Eva Weel Skram om bord på Geirangerfjord III kl. 14.00–16.00, kan denne leggjast til for 630 kroner. Det er også mogleg å kjøpe berre transport tur/retur for 500 kroner. Bestilling på tlf 98241928 eller info@geirangertaxi.no
Bu godt – og få konsertane med på kjøpet
Union Geiranger har laga eigne Festspel-pakkar.
Du kan velje ei heil festivalhelg frå 2.–4. oktober med to netter, frukost, middag fredag og laurdag, billett til Nordic Tenors og billett til Festspelpub med Oslo Strykekvartett og Britt Pernille Frøholm. Det finst også ein pakke med éi natt frå 3.–4. oktober, inkludert frukost, middag og billett til Nordic Tenors. Prisar og meir info på www.hotelunion.no
Grande Fjordhotell, Hole Hytter, Vinje Camping, Geiranger Camping og Havila Hotel Geiranger har også ope under festivalen. Ei samla oversikt finn du på www.visitgeiranger.com/overnatting
Sjå Geiranger frå kajakken
Uteguiden tilbyr guida kajakkturar til festivalpris fredag og laurdag.
Fredag 2. oktober går turen kl. 14.30–16.30, og laurdag 3. oktober kl. 12.00–14.00. Pris for festivalgjestar er 500 kroner per person.
Turane varer i to timar, passar også for nybegynnarar og går i stabile tandemkajakkar med erfaren guide. Alt nødvendig utstyr er inkludert. Minimumsalder er fem år.
Booking: travel@uteguiden.com
Festivalpris på Norsk Fjordsenter
Ta turen innom Norsk Fjordsenter og bli betre kjend med verdsarven medan du er i Geiranger.
Under Festspela er inngangsprisen redusert frå 160 til 130 kroner.
Kom sjøvegen frå Hellesylt
Det går også bilferje mellom Hellesylt og Geiranger tre gonger dagleg i oktober. Frå Hellesylt går ferjene kl. 09.00, 12.00 og 15.00, medan avgangane frå Geiranger er kl. 10.30, 13.30 og 16.30.
Overfarten tek om lag 65 minutt og er i seg sjølv ein flott tur gjennom Geirangerfjorden.
Mykje er heilt gratis
Du treng ikkje billett for å kjenne på festivalstemninga.
Laurdag fyller vi Geiranger sentrum med Haustmarknad og festivalgate, med lokal mat, kunsthandverk, levande musikk og folkeliv. Samstundes inviterer Barnas Festspel til aktivitetar, kulturopplevingar, kunstverkstader og moro for dei yngste.
Det betyr at du fint kan kombinere ein konsert med ein heil dag i bygda – anten du kjem åleine, med vener eller med familien.
Velkomen til ei heil festivalhelg
Festspela i Geiranger er musikk, men også fjord, natur, mat, møte mellom folk og liv i bygda. I år er det ekstra mange gode grunnar til å kome litt tidlegare, bli litt lenger og oppleve meir.
Sjå heile programmet, festivaltilboda og billettane på festspel.no.
Vi gler oss til å sjå dykk i Geiranger 1.–4. oktober!
Har du spørsmål, gler vi oss til å svare på epost post@festspel.no eller telefon 93049185
