Den verdskjende operasongerinna Anne Sofie Von Otter gjer berre to konsertar i Noreg i år. Den eine vert under Festspela i Geiranger i september!

Svenske Anne Sofie von Otter er Nordens mest kjende operasongar, uansett kategori. Ho har vunne heile tre Grammy awards og vore nominert 23 gongar, gjort over 150 CD-innspelingar og samarbeidd med ei lang rekke kjende musikarar frå Carlos Kleiber og Elvis Costello til Benny Andersson og Björn Ulvaeus frå ABBA, samt dei fremste symfoniorkestra verda over. 

– Noreg har vorte eit draumeland for meg å besøke og synge i. Naturens skjønnheit hos vår kjære nabo er makalaus og eg og mine medmusikarar gledar oss veldig til å komme til Geiranger, sier von Otter. 

Til Geiranger kjem ho med dei internasjonalt anerkjende musikarane Leif Kaner-Lidström på piano og Fabian Fredriksson på akustisk og elektrisk gitar. Programmet vil spegle den allsidige karrieren hennar. Saman vil dei presentere eit repertoar av hennar personlege favorittstykker, og vil vise kor allsidig songar ho er.

Dette vert ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

Her frå ein konsert i Théâtre Musical De Paris:

***

Tid: Laudag 16. september 2023 kl. 17.30
Stad: Hotel Union Geiranger – Geirangersalen
Billettpris: Kr. 490/100