Leik, moro og utforsking ventar heile familien på Barnas Festspel – ein ny festival i festivalen!
Her kan barna oppleve flotte kulturopplevingar, og teste ut ansiktsmaling, sjonglering, og til og med besøke ein mini-dyrehage. Det er også spennande aktivitetar som bordtennisrobot, taekwondo, kajakkpadling, og spikking og meir til. Havila Hotel Geiranger og gata utanfor blir fylt med kunst, teater og musikk, der barna kan delta i kreative verkstader og oppleve morosame show. Her er det ting å finne på både for store og små, så heile familien kan ha det kjekt saman.
Her er fullt program:
Løpande aktivitetar
11:00-16:00
– Hoppeslott, utandørs på grusplassen ved Joker Geiranger
– Bordtennis-robot på Låna på Hotel Havila Geiranger
– Møt slangane! på Olebuda med Kameleonen dyrehage
– Malekurs med Regina Fe på Olebuda
– Kjempesåpeboble- og sjongleringsworkshop i gågata med Julia & Adam
– Aktivitetsløype ute på Geiranger skule med BUA
– Tradisjonshandverk i gågata – lag fløyter og små laftehus med Finn Thomas Cooney
– Haustmarknad i gågata med lokal mat og handverk
11-13.30
– Prøv kajakk i småbåthamna på Geiranger camping med Vik og Barbara
12:00-14:00
– Møt Gaute Gneis frå fjordheimen i gågata (Kalvgeilane)
På faste tidspunkt:
12:00 Konsert ute ved Café Olé med Valldal hornmusikklag (30 min.)
12:30 Nysirkus-show med Julia & Adam i gågata i Geiranger sentrum (15 min.)
13:00 Konsert ute ved Café Olé med Valldal hornmusikklag (30 min.)
13:30 Nysirkus-show med Julia & Adam i gågata i Geiranger sentrum (15 min.)
14:00 Jazzparade frå Geiranger skule – går til sentrum (20 min.)
14:20 Danseforestilling ute ved Café Olé (10 min.)
14:30 Klassisk Uhøyrt, 7. etg på Hotel Havila Geiranger med unge talent
Vi har også eit godt utval av matboder som tilbyr deilig mat og drikke til både store og små. Så ta med familien og bli med på ein dag fylt med glede, latter og minnerike opplevingar på Barnas Festspel!
Tid: Laurdag 28. september kl 11-15
Stad: Geiranger sentrum
Arrangementet er gratis