Leik, latter og opplevingar for heile familien – Barnas Festspel er tilbake!

For andre år på rad inviterer Festspela i Geiranger til ein fargerik festival i festivalen, der barna står i sentrum. Denne laurdagen vert Geiranger sentrum og Havila Hotel Geiranger fylt med musikk, magi, kreativitet og aktivitetar for både små og store. Og alt er heilt gratis!

I år kan barna mellom anna oppleve konsertar, lesestunder, kreative verkstadar, skattejakt, ansiktsmaling og instrumentprøving. Vi opnar også dørene til ei heilt eiga byttekrok for leiker og klede – eit lågterskel og miljøvennleg tilbod for heile familien. Det blir kunst og handverk, action og avslapping, teater og tull, og sjølvsagt: Jazzparade gjennom sentrum kl. 14!

Heile området rundt Havila Hotel Geiranger, Olebuda og gågata blir gjort om til ein levande festivalarena med aktivitetar både inne og ute. Det blir også sal av god mat og drikke – noko for både store og små munnar.

Ta med heile familien og bli med på ein dag full av gode opplevingar, nye oppdagingar og ekte speleglede i hjartet av Geiranger.

Tid: Laurdag 27. september, kl. 11.00-15.00
Stad: Geiranger sentrum
Billettpris: Gratis!