Gjer meir ut av Festspela – sjå festivaltilboda våre

Buss frå Ålesund, 50 % båtrabatt, hotellpakkar, kajakk, Fjordsenter og gratis aktivitetar for heile familien.

Gjer meir ut av Festspela i GeirangerFestspela 1.–4. oktober handlar såklart om konsertane, men også om mykje anna. I samarbeid med gode aktørar i og rundt Geiranger har vi samla ei rekkje tilbod som gjer det enklare å kome seg hit, bli verande litt lenger – og oppleve endå meir av fjorden, bygda og festivalstemninga.
Enten du kjem på dagstur, tek med familien eller vil gjere ei heil helg ut av Festspela, finst det mange gode moglegheiter.

Sjå og last ned heile programmet her.

50 % rabatt på båten mellom Ålesund og Geiranger
Geiranger Fjordservice gir festivalpublikum 50 % rabatt på utvalde éinvegsbillettar 1.–3. oktober. Bruk rabattkoden FEST ved bestilling.
Tilbodet gjeld utvalde avgangar mellom Ålesund og Geiranger, mellom anna Ålesund–Geiranger kl. 08.30 torsdag og fredag, og retur Geiranger–Ålesund torsdag og laurdag kl. 16.00.
Fredag 2. oktober blir turen frå Ålesund dessutan eit eige Festspelcruise, med levande musikk frå ungdomsorkesteret Indre Strøk og musikarar frå Ålesund Strykekvartett om bord.

Ta festivalbussen frå Ålesund laurdag
Laurdag 3. oktober går det dagstur med buss frå Ålesund til Geiranger – perfekt for deg som vil oppleve haustmarknaden, folkelivet og Nordic Tenors utan å køyre sjølv.
Bussen går frå Ålesund rutebilstasjon kl. 09.30 og stoppar mellom anna på Moa, Digernes, Sjøholt, Stordal, Valldal og Eidsdal før ankomst Geiranger kl. 12.35.
Pris er 990 kroner per person og inkluderer transport tur/retur og billett til konserten med Nordic Tenors kl. 17.30. Retur frå Geiranger er etter konserten, om lag kl. 19.00.
Vil du også få med deg fjordkonserten med Eva Weel Skram om bord på Geirangerfjord III kl. 14.00–16.00, kan denne leggjast til for 630 kroner. Det er også mogleg å kjøpe berre transport tur/retur for 500 kroner. Bestilling på tlf 98241928 eller info@geirangertaxi.no

Bu godt – og få konsertane med på kjøpet
Union Geiranger har laga eigne Festspel-pakkar.
Du kan velje ei heil festivalhelg frå 2.–4. oktober med to netter, frukost, middag fredag og laurdag, billett til Nordic Tenors og billett til Festspelpub med Oslo Strykekvartett og Britt Pernille Frøholm. Det finst også ein pakke med éi natt frå 3.–4. oktober, inkludert frukost, middag og billett til Nordic Tenors. Prisar og meir info på www.hotelunion.no  
Grande Fjordhotell, Hole Hytter, Vinje Camping, Geiranger Camping og Havila Hotel Geiranger har også ope under festivalen. Ei samla oversikt finn du på www.visitgeiranger.com/overnatting

Sjå Geiranger frå kajakken
Uteguiden tilbyr guida kajakkturar til festivalpris fredag og laurdag.
Fredag 2. oktober går turen kl. 14.30–16.30, og laurdag 3. oktober kl. 12.00–14.00. Pris for festivalgjestar er 500 kroner per person.
Turane varer i to timar, passar også for nybegynnarar og går i stabile tandemkajakkar med erfaren guide. Alt nødvendig utstyr er inkludert. Minimumsalder er fem år.
Booking: travel@uteguiden.com

Festivalpris på Norsk Fjordsenter
Ta turen innom Norsk Fjordsenter og bli betre kjend med verdsarven medan du er i Geiranger.
Under Festspela er inngangsprisen redusert frå 160 til 130 kroner.

Kom sjøvegen frå Hellesylt
Det går også bilferje mellom Hellesylt og Geiranger tre gonger dagleg i oktober. Frå Hellesylt går ferjene kl. 09.00, 12.00 og 15.00, medan avgangane frå Geiranger er kl. 10.30, 13.30 og 16.30.
Overfarten tek om lag 65 minutt og er i seg sjølv ein flott tur gjennom Geirangerfjorden.

Mykje er heilt gratis
Du treng ikkje billett for å kjenne på festivalstemninga.
Laurdag fyller vi Geiranger sentrum med Haustmarknad og festivalgate, med lokal mat, kunsthandverk, levande musikk og folkeliv. Samstundes inviterer Barnas Festspel til aktivitetar, kulturopplevingar, kunstverkstader og moro for dei yngste.
Det betyr at du fint kan kombinere ein konsert med ein heil dag i bygda – anten du kjem åleine, med vener eller med familien.

Velkomen til ei heil festivalhelg
Festspela i Geiranger er musikk, men også fjord, natur, mat, møte mellom folk og liv i bygda. I år er det ekstra mange gode grunnar til å kome litt tidlegare, bli litt lenger og oppleve meir.
Sjå heile programmet, festivaltilboda og billettane på festspel.no.
Vi gler oss til å sjå dykk i Geiranger 1.–4. oktober!
Har du spørsmål, gler vi oss til å svare på epost post@festspel.no eller telefon 93049185

Nyheitsbrev 1

Festspela i Geiranger 2026 – velkomen til ei heilt unik festivalhelg!

Der tonane møter verdsarven – ei helg med store musikkopplevingar mellom fjord og fjell.


Kjære festspel-ven, håpar du set pris på eit brev frå oss i Festspela:

No nærmar det seg endeleg nye festspeldagar i Geiranger, og vi gler oss til å ønskje både kjende og nye ansikt velkomne.

Det er alltid litt spesielt når programmet er klart og billettane blir lagde ut. Då byrjar vi verkeleg å sjå fram mot dagane då bygda blir fylt med musikk, gode møte og liv.

I år får vi besøk av artistar som Oslo Strykekvartett, Eva Weel Skram og Nordic Tenors. Samtidig held vi fast på det som har gjort Festspela til noko heilt eige – dei små avstandane, dei nære konsertane og dei store opplevingane som oppstår når musikken møter naturen her i Geiranger.

Enten du har vore hos oss mange gonger før, eller vurderer ditt første besøk, håper eg du finn noko på programmet som freistar.

Vi gler oss til å sjå deg i Geiranger!                                          

På vegne av Festspela i Geiranger

Gunnar Inge Eide
Festivalsjef

Vidare kan du lese litt om opplevingane i Festspelhelga:

Oslo Strykekvartett opnar Festspela

Festivalen opnar fredag kveld med Oslo Strykekvartett, eitt av Skandinavia sine fremste kammerensemble, saman med den internasjonalt anerkjende organisten Kåre Nordstoga.

Opningskonserten i Geiranger kyrkje blir ei høgtidsstund der publikum kjem tett på musikken i eit av festivalen sine vakraste konsertrom.

Seinare i helga møter du Oslo Strykekvartett igjen under den populære Festspelpuben, i ei uformell ramme tett på publikum.

Oslo Strykekvartett, foto: Andrej Grilc

Oslo Strykekvartett, foto: Andrej Grilc

Eva Weel Skram på verdsarvfjorden

Eva Weel Skram

Laurdag ettermiddag inviterer vi til ei heilt spesiell oppleving når Eva Weel Skram går om bord på den splitter nye elektriske båten Geirangerfjord III.

Med Dei sju søstrene som bakteppe og verdsarvfjorden rundt båten blir dette langt meir enn ein konsert – ei musikalsk oppleving du berre kan få i Geiranger, dette blir heilelektrisk!

Nordic Tenors – feststemt laurdagskveld

Laurdag kveld kjem Nordic Tenors til Geirangersalen. Dei er kjende for vakker song, lun humor og musikalske overraskingar, og her ventar ei oppleving litt utanom det vanlege. Vi kan love ein kveld med både kvalitet, varme og mykje godt humør.

Ei heil festivalhelg i Geiranger

Festspela handlar om meir enn konsertar. Gjennom heile helga blir bygda fylt med aktivitetar og opplevingar for både store og små.

Sikre deg billettar no!

Dei mest populære arrangementa kan bli raskt utselde. Dersom du ønskjer å vere trygg på å få plass på akkurat det du ynskjer deg, løner det seg å sikre billettane i god tid.

Program og billettar: https://www.festspel.no/program-2026/

Vi gler oss til å ønske deg velkomen til ei helg fylt med store musikkopplevingar, vakker natur og ekte festivalstemning.

Vi sjåast i Geiranger!

Nordic Tenors

Programmet for 2026 er klart!

Festspela i Geiranger 2026 er klare med eit program som spenner frå kammermusikk og folkemusikk til song, humor, fjordkonsert og nye møteplassar. På programmet står mellom andre Oslo Strykekvartett, Nordic Tenors, Eva Weel Skram, Kåre Nordstoga og Britt Pernille Frøholm.

Vi er glade og stolte over å kunne presentere programmet for Festspela i Geiranger 2026. Årets festival samlar nokre av landets fremste utøvarar i ei ramme berre Geiranger kan gi: fjorden, fjellgarden, det unike kyrkjerommet og festivalbygda.

– Dette er eit program vi har gleda oss til å dele. Vi ønskjer at Festspela skal romme både det høgtidsame, det nære, det feststemte og det overraskande. I år meiner vi at vi har fått til nettopp det, seier festivalleiinga.

Festivalen opnar i Geiranger kyrkje med Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga. Her får publikum møte musikarar av ypperste klasse i eit rom som kler både strykarklang og orgelprakt. Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble, medan Kåre Nordstoga er rekna som ein av Europas fremste konsertorganistar.

Eva Weel Skram kjem også til Festspela. Ho skal halde konsert om bord på Geirangerfjord III, i stille ferd gjennom verdsarvfjorden. Med Dei sju søstre som kulisse blir dette ei ny satsing for Festspela, i samarbeid med Geiranger Fjordservice.

Laurdag kveld blir det konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen. Dei tre tenorane er kjende for vakker stemmeprakt, lun humor og framføringar på høgt nivå. I Geiranger får publikum oppleve dei med fjordlandskapet som storslått bakteppe.

Folkemusikken får også ein sentral plass i årets program. Britt Pernille Frøholm møter Oslo Strykekvartett på Festspelpub, og ho deltek også på fjellgardkonserten på Westerås gard saman med Geir Inge Lotsberg og Kåre Nordstoga. Der blir Festspela avslutta med eit møte mellom folkemusikktradisjonen på Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet.

I tillegg byr programmet på Barnas Festspel, haustmarknad og festivalgate, Pub-kor på Gildetun ungdomshus og festspelgudsteneste i Geiranger kyrkje.

– Festspela skal vere ein stad der publikum kjem tett på både musikken, artistane og bygda. Vi ønskjer å skape opplevingar som berre kan skje her, i møte mellom musikken, naturen og menneska. Velkomen til nye festspeldagar i Geiranger.

🎶 Festspelpub med operaglam – bli med på ein kveld utanom det vanlege!

Velkomen til ei heilt spesiell oppleving i foajeen til Geirangersalen på Hotel Union, der vi inviterer til festspelpub med stil og snert! Mezzosopran Isa Katharina Gericke – kjend for si varme røyst, leikande formidling og store musikalske spennvidd – kjem for å gje deg ein kveld fylt med både musikalsk kvalitet og ekte spelglede.

View More 🎶 Festspelpub med operaglam – bli med på ein kveld utanom det vanlege!
Moddi spelar konsert i Geiranger kyrkje

Moddi opnar Festspela 2025

Fredag 26. september opnar Festspela i Geiranger med ein konsert som går rett i hjartet. Visekunstnaren Moddi kjem til Geiranger kyrkje – saman med ein strykekvintett frå Operaen i Kristiansund – for å gi festivalen ei vakker og ettertenksam opning. Billettane er no i sal!Med si varsame røyst, sine sterke tekstar og ei scenenær tilnærming har Moddi i mange år rørt eit stort publikum. Under opningskonserten i Geiranger får vi oppleve han i eit nytt og nært format.I tillegg til Moddis eigne låtar får vi høyre rein kammermusikk – mellom anna av Antonín Dvořák – som i denne ramma skaper ein vakker dialog med visene.
Meir info og billettar her

Programmet for 2025 er klart!

I 2025 markerer Festspela i Geiranger sitt femårsjubileum – og det med eit festivalprogram som spenner frå storslåtte konsertopplevingar til nære møte med musikk, folk og natur. Frå 25. til 28. september fyller vi bygda med tonar frå nokre av landets fremste artistar, i kombinasjon med lokale krefter, barnelatter og fagleg fordjuping.

Årets program bygg vidare på kjernen i det Festspela alltid har vore: ei feiring av musikk og kultur i møte med ei spektakulær vestlandsramme. Med artistar som Moddi, Sigrid Moldestad, Isa Katharina Gericke og Tricia Boutté inviterer vi til ei rekkje konsertar i unike omgjevnader – frå kyrkjerom og hotellfoajear til fjellgardar og festivalgater.

Fredagen opnar vi med ein stemningsfull kveld i Geiranger kyrkje og avsluttar med festspelpub i godt selskap. Laurdagen byr på gratis festivalgate med Barnas Festspel midt i sentrum – før vi rundar av dagen med storkonsert i Geirangersalen og musikalske overraskingar i foajeen.

Søndag vender vi blikket opp mot fjella, med ein akustisk avslutningskonsert på fjellgarden Westerås. Her lar vi musikken møte utsikta, i ein intim og ettertenksam avslutning på jubileumshelga.

I tillegg til konsertprogrammet løftar vi fram viktige kulturspor, som markeringa av 100 år med Nynorsk Salmebok og gehørspel for born og unge. Torsdag og fredag inviterer vi òg til fagseminar i samarbeid med lokale og regionale aktørar, der vi ser nærare på samskaping og berekraft i møte mellom kultur og reiseliv.

Etter fem år med musikk, møte og meistring er vi stolte av å kunne presentere eit program som speglar både utvikling og forankring. Vi ønskjer velkomen til ei helg der tonar og landskap, tradisjon og nyskaping smeltar saman – velkomen til jubileumsutgåva av Festspela i Geiranger!