Av og til er det godt å ta musikken ut av sine vanlege rom og inn på nye scener.
Vi inviterer til operapub fredagskvelden, der du kan nyte operaperler, lene deg tilbake med eit glas og berre slappe av. Kanskje eit mørkt og kraftig øl til Wagner? Kva passar best til Puccini? Uansett: våre fantastiske songarar Stephanie Lippert og Hallvar Djupvik vil saman med pianist Martin Bredin leie oss gjennom ein hyggeleg kveld med god musikk.
Stephanie Lippert er mezzosopran og visesongar frå Sverige som utdanna seg på Operaakademiet i København. Ho er frilans operasongar og har sunge roller i Norge, Danmark og Sverige. Stephanie har mange års erfaring som konsertsolist og kyrkjesongar. Ho har også mange års erfaring som songar i gravferd og bryllaup i Norge, med eit allsidig repertoar.
Hallvar Djupvik er fødd og oppvaksen i Tomrefjord. Etter si utdanning på Operaakademiet i København har han vore solist på Den Norske Opera og Ballett, gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musiker i Oslo.
No har han flytta basen sin til Møre og Romsdal og startar Djupvik Songformidling i 2020. Han held fram med arbeidet sitt som leiar av Musikkens Venner Tomrefjord. 2020 syng han også rollen som Ulrich Eisslinger i Mestersangerne fra Nürnberg på Den Norske Opera.