Storsatsing på barn og unge

Festspela i Geiranger 2024 set barn og unge i sentrum med eit utvida program som gir store kulturopplevingar og sjansen til å utvikle eigne talent.

Unge utøvarar og publikummarar har vore prioritert av festivalen sidan oppstarten. I 2024 aukar vi satsinga på dei unge, med fleire nye tilbod. Barnas Festspel er ei nysatsing, ein festival i festivalen som byr på kulturopplevingar, leik og kreative verkstader for heile familien. Her kan barna utforske og delta i forestillingar innan musikk, nysirkus til teater, og boltre seg i aktivitetar som ansiktsmaling, sjonglering og masse anna gøy. Alt saman heilt gratis! Les meir om Barnas Festspel her.

For unge musikarar er det også mykje å glede seg til under festivalen! New Orleans-bandet Gumbo arrangerer gehørseminar over to dagar, der deltakarane får lære å spele utan notar og utvikle improvisasjonsteknikk. Seminaret kulminerer i festivalparaden vår laurdag kl 14:00, der born og unge får vise seg fram saman med Gumbo.

Unge fiolinistar og pianistar frå heile fylket kan få verdifull erfaring og kunnskap i årets meisterklasse, leia av den prisvinnande hardingfelespelaren og fiolinisten Ragnhild Hemsing og den erfarne pianisten Martin Bredin. Dei unge talenta får også høve til å opptre på konserten Klassisk Uhøyrt laurdag kl 14:30, til glede for Festspelas publikum.

Med denne storsatsinga håpar Festspela i Geiranger å inspirere neste generasjon musikarar og publikummarar, og skape minne for livet for alle deltakarane.