I 2025 markerer Festspela i Geiranger sitt femårsjubileum – og det med eit festivalprogram som spenner frå storslåtte konsertopplevingar til nære møte med musikk, folk og natur. Frå 25. til 28. september fyller vi bygda med tonar frå nokre av landets fremste artistar, i kombinasjon med lokale krefter, barnelatter og fagleg fordjuping.

Årets program bygg vidare på kjernen i det Festspela alltid har vore: ei feiring av musikk og kultur i møte med ei spektakulær vestlandsramme. Med artistar som Moddi, Sigrid Moldestad, Isa Katharina Gericke og Tricia Boutté inviterer vi til ei rekkje konsertar i unike omgjevnader – frå kyrkjerom og hotellfoajear til fjellgardar og festivalgater.
Fredagen opnar vi med ein stemningsfull kveld i Geiranger kyrkje og avsluttar med festspelpub i godt selskap. Laurdagen byr på gratis festivalgate med Barnas Festspel midt i sentrum – før vi rundar av dagen med storkonsert i Geirangersalen og musikalske overraskingar i foajeen.
Søndag vender vi blikket opp mot fjella, med ein akustisk avslutningskonsert på fjellgarden Westerås. Her lar vi musikken møte utsikta, i ein intim og ettertenksam avslutning på jubileumshelga.
I tillegg til konsertprogrammet løftar vi fram viktige kulturspor, som markeringa av 100 år med Nynorsk Salmebok og gehørspel for born og unge. Torsdag og fredag inviterer vi òg til fagseminar i samarbeid med lokale og regionale aktørar, der vi ser nærare på samskaping og berekraft i møte mellom kultur og reiseliv.
Etter fem år med musikk, møte og meistring er vi stolte av å kunne presentere eit program som speglar både utvikling og forankring. Vi ønskjer velkomen til ei helg der tonar og landskap, tradisjon og nyskaping smeltar saman – velkomen til jubileumsutgåva av Festspela i Geiranger!