| Fredag 26. september opnar Festspela i Geiranger med ein konsert som går rett i hjartet. Visekunstnaren Moddi kjem til Geiranger kyrkje – saman med ein strykekvintett frå Operaen i Kristiansund – for å gi festivalen ei vakker og ettertenksam opning. Billettane er no i sal!Med si varsame røyst, sine sterke tekstar og ei scenenær tilnærming har Moddi i mange år rørt eit stort publikum. Under opningskonserten i Geiranger får vi oppleve han i eit nytt og nært format.I tillegg til Moddis eigne låtar får vi høyre rein kammermusikk – mellom anna av Antonín Dvořák – som i denne ramma skaper ein vakker dialog med visene. |
