Nyheitsbrev 1

Festspela i Geiranger 2026 – velkomen til ei heilt unik festivalhelg!

Der tonane møter verdsarven – ei helg med store musikkopplevingar mellom fjord og fjell.


Kjære festspel-ven, håpar du set pris på eit brev frå oss i Festspela:

No nærmar det seg endeleg nye festspeldagar i Geiranger, og vi gler oss til å ønskje både kjende og nye ansikt velkomne.

Det er alltid litt spesielt når programmet er klart og billettane blir lagde ut. Då byrjar vi verkeleg å sjå fram mot dagane då bygda blir fylt med musikk, gode møte og liv.

I år får vi besøk av artistar som Oslo Strykekvartett, Eva Weel Skram og Nordic Tenors. Samtidig held vi fast på det som har gjort Festspela til noko heilt eige – dei små avstandane, dei nære konsertane og dei store opplevingane som oppstår når musikken møter naturen her i Geiranger.

Enten du har vore hos oss mange gonger før, eller vurderer ditt første besøk, håper eg du finn noko på programmet som freistar.

Vi gler oss til å sjå deg i Geiranger!                                          

På vegne av Festspela i Geiranger

Gunnar Inge Eide
Festivalsjef

Vidare kan du lese litt om opplevingane i Festspelhelga:

Oslo Strykekvartett opnar Festspela

Festivalen opnar fredag kveld med Oslo Strykekvartett, eitt av Skandinavia sine fremste kammerensemble, saman med den internasjonalt anerkjende organisten Kåre Nordstoga.

Opningskonserten i Geiranger kyrkje blir ei høgtidsstund der publikum kjem tett på musikken i eit av festivalen sine vakraste konsertrom.

Seinare i helga møter du Oslo Strykekvartett igjen under den populære Festspelpuben, i ei uformell ramme tett på publikum.

Oslo Strykekvartett, foto: Andrej Grilc

Oslo Strykekvartett, foto: Andrej Grilc

Eva Weel Skram på verdsarvfjorden

Eva Weel Skram

Laurdag ettermiddag inviterer vi til ei heilt spesiell oppleving når Eva Weel Skram går om bord på den splitter nye elektriske båten Geirangerfjord III.

Med Dei sju søstrene som bakteppe og verdsarvfjorden rundt båten blir dette langt meir enn ein konsert – ei musikalsk oppleving du berre kan få i Geiranger, dette blir heilelektrisk!

Nordic Tenors – feststemt laurdagskveld

Laurdag kveld kjem Nordic Tenors til Geirangersalen. Dei er kjende for vakker song, lun humor og musikalske overraskingar, og her ventar ei oppleving litt utanom det vanlege. Vi kan love ein kveld med både kvalitet, varme og mykje godt humør.

Ei heil festivalhelg i Geiranger

Festspela handlar om meir enn konsertar. Gjennom heile helga blir bygda fylt med aktivitetar og opplevingar for både store og små.

Sikre deg billettar no!

Dei mest populære arrangementa kan bli raskt utselde. Dersom du ønskjer å vere trygg på å få plass på akkurat det du ynskjer deg, løner det seg å sikre billettane i god tid.

Program og billettar: https://www.festspel.no/program-2026/

Vi gler oss til å ønske deg velkomen til ei helg fylt med store musikkopplevingar, vakker natur og ekte festivalstemning.

Vi sjåast i Geiranger!

Nordic Tenors

Programmet for 2026 er klart!

Festspela i Geiranger 2026 er klare med eit program som spenner frå kammermusikk og folkemusikk til song, humor, fjordkonsert og nye møteplassar. På programmet står mellom andre Oslo Strykekvartett, Nordic Tenors, Eva Weel Skram, Kåre Nordstoga og Britt Pernille Frøholm.

Vi er glade og stolte over å kunne presentere programmet for Festspela i Geiranger 2026. Årets festival samlar nokre av landets fremste utøvarar i ei ramme berre Geiranger kan gi: fjorden, fjellgarden, det unike kyrkjerommet og festivalbygda.

– Dette er eit program vi har gleda oss til å dele. Vi ønskjer at Festspela skal romme både det høgtidsame, det nære, det feststemte og det overraskande. I år meiner vi at vi har fått til nettopp det, seier festivalleiinga.

Festivalen opnar i Geiranger kyrkje med Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga. Her får publikum møte musikarar av ypperste klasse i eit rom som kler både strykarklang og orgelprakt. Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble, medan Kåre Nordstoga er rekna som ein av Europas fremste konsertorganistar.

Eva Weel Skram kjem også til Festspela. Ho skal halde konsert om bord på Geirangerfjord III, i stille ferd gjennom verdsarvfjorden. Med Dei sju søstre som kulisse blir dette ei ny satsing for Festspela, i samarbeid med Geiranger Fjordservice.

Laurdag kveld blir det konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen. Dei tre tenorane er kjende for vakker stemmeprakt, lun humor og framføringar på høgt nivå. I Geiranger får publikum oppleve dei med fjordlandskapet som storslått bakteppe.

Folkemusikken får også ein sentral plass i årets program. Britt Pernille Frøholm møter Oslo Strykekvartett på Festspelpub, og ho deltek også på fjellgardkonserten på Westerås gard saman med Geir Inge Lotsberg og Kåre Nordstoga. Der blir Festspela avslutta med eit møte mellom folkemusikktradisjonen på Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet.

I tillegg byr programmet på Barnas Festspel, haustmarknad og festivalgate, Pub-kor på Gildetun ungdomshus og festspelgudsteneste i Geiranger kyrkje.

– Festspela skal vere ein stad der publikum kjem tett på både musikken, artistane og bygda. Vi ønskjer å skape opplevingar som berre kan skje her, i møte mellom musikken, naturen og menneska. Velkomen til nye festspeldagar i Geiranger.

🎶 Festspelpub med operaglam – bli med på ein kveld utanom det vanlege!

Velkomen til ei heilt spesiell oppleving i foajeen til Geirangersalen på Hotel Union, der vi inviterer til festspelpub med stil og snert! Mezzosopran Isa Katharina Gericke – kjend for si varme røyst, leikande formidling og store musikalske spennvidd – kjem for å gje deg ein kveld fylt med både musikalsk kvalitet og ekte spelglede.

View More 🎶 Festspelpub med operaglam – bli med på ein kveld utanom det vanlege!
Moddi spelar konsert i Geiranger kyrkje

Moddi opnar Festspela 2025

Fredag 26. september opnar Festspela i Geiranger med ein konsert som går rett i hjartet. Visekunstnaren Moddi kjem til Geiranger kyrkje – saman med ein strykekvintett frå Operaen i Kristiansund – for å gi festivalen ei vakker og ettertenksam opning. Billettane er no i sal!Med si varsame røyst, sine sterke tekstar og ei scenenær tilnærming har Moddi i mange år rørt eit stort publikum. Under opningskonserten i Geiranger får vi oppleve han i eit nytt og nært format.I tillegg til Moddis eigne låtar får vi høyre rein kammermusikk – mellom anna av Antonín Dvořák – som i denne ramma skaper ein vakker dialog med visene.
Meir info og billettar her

Programmet for 2025 er klart!

I 2025 markerer Festspela i Geiranger sitt femårsjubileum – og det med eit festivalprogram som spenner frå storslåtte konsertopplevingar til nære møte med musikk, folk og natur. Frå 25. til 28. september fyller vi bygda med tonar frå nokre av landets fremste artistar, i kombinasjon med lokale krefter, barnelatter og fagleg fordjuping.

Årets program bygg vidare på kjernen i det Festspela alltid har vore: ei feiring av musikk og kultur i møte med ei spektakulær vestlandsramme. Med artistar som Moddi, Sigrid Moldestad, Isa Katharina Gericke og Tricia Boutté inviterer vi til ei rekkje konsertar i unike omgjevnader – frå kyrkjerom og hotellfoajear til fjellgardar og festivalgater.

Fredagen opnar vi med ein stemningsfull kveld i Geiranger kyrkje og avsluttar med festspelpub i godt selskap. Laurdagen byr på gratis festivalgate med Barnas Festspel midt i sentrum – før vi rundar av dagen med storkonsert i Geirangersalen og musikalske overraskingar i foajeen.

Søndag vender vi blikket opp mot fjella, med ein akustisk avslutningskonsert på fjellgarden Westerås. Her lar vi musikken møte utsikta, i ein intim og ettertenksam avslutning på jubileumshelga.

I tillegg til konsertprogrammet løftar vi fram viktige kulturspor, som markeringa av 100 år med Nynorsk Salmebok og gehørspel for born og unge. Torsdag og fredag inviterer vi òg til fagseminar i samarbeid med lokale og regionale aktørar, der vi ser nærare på samskaping og berekraft i møte mellom kultur og reiseliv.

Etter fem år med musikk, møte og meistring er vi stolte av å kunne presentere eit program som speglar både utvikling og forankring. Vi ønskjer velkomen til ei helg der tonar og landskap, tradisjon og nyskaping smeltar saman – velkomen til jubileumsutgåva av Festspela i Geiranger!

Photographer Rune Hagen is this year's Festival Artist!

Festspela i Geiranger 2023 byr på ei unik kunstoppleving der fotograf Rune Hagen presenterer si fotoutstilling. Dette er ei hending du ikkje vil gå glipp av, som utforskar det majestetiske landskapet rundt Geiranger gjennom den unike linsa til ein meisterfotograf.

Bilete av fossen Friaren i Geirangerfjorden. Foto: Rune Hagen, årets festspelkunstnar.

Rune Hagen er kjent for sin bemerkelsesverdige evne til å fange essensen av landskapet og formidle stemningar gjennom bileta sine. Med fokus på lysets magi og korleis det maleriske Geiranger-landskapet spelar med lyset gjennom døgnet, har han skapt ei samling av bilete som tek oss med på ei visuell reise gjennom ei verd av fargar og kontrastar.

Samspel mellom fjordar og fjell

Om seg sjølv seier Rune følgjande:  Eg finn min inspirasjon og drivkraft som fotograf i samspelet mellom fjordar og fjell og det evige skiftande lyset i naturen. Det er dei kontrastane eg arbeider og leitar etter gjennom mitt arbeid som fotograf. 

Opning av Festspelutstilling i Foajeen på Hotel Union
fredag 15.september kl 18.

Utstillinga opnar fredag 15. september kl. 18 på Hotel Union og vil vere tilgjengeleg for publikum i heile Festspela-helga, fram til søndag 17. september. Dette gjev alle besøkjande ein eksklusiv moglegheit til å oppleve Geiranger frå eit nytt perspektiv gjennom Hagens linse.  Rune Hagen har gjennom åra hatt fleire separatutstillingar, og i 2015 opna han sitt eige Art Gallery Hagen i Ålesund. 

Geirangerfjorden, med sine bratte fjellsider, djupe blå farvatn og frodige grøne område, har lenge vore eit ikonisk reisemål både for lokalbefolkninga og turistar. Gjennom Hagen sine fotografi får vi sjå denne verda i eit heilt nytt lys – ordspelet er tilsikta. Hans unike evne til å fange sola sine skiftande nyansar, refleksjonar i vatnet og dei subtile skuggeleggingane, gir oss eit perspektiv på Geiranger som vi kanskje ikkje eingong var klar over eksisterte.

Festspela i Geiranger er stolte av å kunne presentere Rune Hagen som årets Festspelkunstnar!