Syng med Prots! Korseminar

Prots kjem til Festspela med ei heil helg for songglede og fellesskap

Under Festspela i Geiranger 2026 inviterer vi kor og songglade frå nær og fjern til korseminar med Per Oddvar «Prots» Hildre. Helga 2.–4. oktober blir det song, inspirasjon, fellesskap og musikalsk utvikling på Gildetun ungdomshus.

Per Oddvar «Prots» Hildre er ein av dei store inspiratorane i norsk korliv. Gjennom fleire tiår har han fått menneske til å synge saman, våge litt meir og oppleve kva som skjer når mange stemmer møtest.

No kjem han til Festspela i Geiranger for å leie ei heil korhelg med songglede, fellesskap og utvikling i sentrum.

– Vi er veldig glade for å få Prots til Festspela. Han har ei heilt eiga evne til å skape entusiasme og få folk til å kjenne krafta i songen. Dette blir ei helg for både kor og enkeltpersonar som er glade i å synge, seier festivalleiinga.

Korseminaret passar for kor som ønskjer fagleg og musikalsk påfyll, men også for dei som kjem åleine, saman med nokre vener eller berre har lyst til å vere med i eit godt songfellesskap. Gjennom helga blir det fleire økter saman med Prots, der deltakarane får synge, lære og utvikle seg i lag med andre.

Fredag kveld startar korhelga med Pub-kor på Gildetun ungdomshus. Dette er eit ope og uhøgtideleg arrangement der alle songglade kan delta. Ein treng ikkje kunne notar, ha sunge i kor før eller førebu seg på noko. Her lærer ein ein enkel song saman, steg for steg.

Laurdag kveld får seminardeltakarane vere med på ein pop-up-konsert i foajeen på Union Hotel. Søndag blir dei også med og syng under festspelgudstenesta i Geiranger kyrkje. Slik blir seminaret ikkje berre ei øvingshelg, men også ei helg der songen får møte publikum.

– Vi ønskjer at Festspela skal vere ein stad der folk ikkje berre lyttar, men også deltek. Med Prots får vi eit arrangement som handlar om meistring, fellesskap og den gode kjensla av å skape noko saman, seier festivalleiinga.

Korseminaret går føre seg på Gildetun ungdomshus, om lag 200 meter ovanfor Hotel Union. Seminardeltakarar får også rabatt på Pub-kor med Prots fredag kveld.

Korseminar med Per Oddvar «Prots» Hildre
Time: 2.–4. oktober 2026
Place: Gildetun ungdomshus
Pris: 750 kroner
Påmelding: mailto:post@festspel.no, tlf. 930 49 185 eller via TicketCo

Pub-kor med Prots
Time: Fredag 2. oktober kl. 22.00
Place: Gildetun ungdomshus
Dørene opnar: kl. 21.00
Eigen rabattkode for seminardeltakarar

Pub-kor med Prots

Bli med på Pub-kor på Gildetun ungdomshus, leia av korlegenda Per Oddvar «Prots» Hildre. Dette blir ein kveld for songglede, fellesskap og god stemning – der alle kan vere med.

Pub-kor med Per Oddvar Hildre
Bli med på pub-kor med Per Oddvar Hildre

Fredagskvelden under Festspela inviterer vi til Pub-kor på Gildetun ungdomshus – eit nytt, sosialt og musikalsk møtepunkt der det viktigaste er å synge saman.

Kvelden blir leia av Per Oddvar «Prots» Hildre, ein av dei store inspiratorane i norsk korliv. Gjennom fleire tiår har han fått menneske til å kjenne krafta, gleda og fellesskapen i korsong. Prots er kjend for å skape entusiasme i rommet, få folk til å våge litt meir – og minne oss om at song ikkje først og fremst handlar om å vere perfekt, men om å vere med.

For alle som har stått på ein fotballstadion og kjent korleis songen kan løfte eit heilt publikum, er dette lett å forstå: Når mange stemmer møtest, skjer det noko med oss. Vi blir del av noko større enn oss sjølve. Det er akkurat den kjensla Pub-kor handlar om.

Du treng ikkje kunne notar, ha sunge i kor før eller førebu deg på noko som helst. Vi lærer ein enkel song saman, steg for steg, og alle kan klare det. Under trygg og inspirerande leiing blir mange ulike stemmer til eitt stort fellesskap.

Dette er kvelden for deg som likar å synge, for deg som trur du ikkje kan synge, og for deg som berre har lyst til å vere med på noko varmt, uhøgtideleg og kjekt.

Ta med ein ven, senk skuldrane og bli med på ein kveld med låg terskel, mykje songglede og ekte festspelfaktor.

Time: Fredag 2. oktober kl. 22.00, dørene opnar kl 21.00
Place: Gildetun ungdomshus

Nordic Tenors kjem til Festspela i Geiranger

Laurdag 3. oktober kjem Nordic Tenors til Festspela i Geiranger. Kva dei skal gjere, held vi litt hemmeleg enno – men vi kan love at det blir feststemt, utanom det vanlege og ei smakfull utvikling for Festspela.

Nordic Tenors er kjende for vakker song, lun humor og musikalske overraskingar. No kjem dei til Geiranger for å vere med på Festspela 2026. Trioen har i mange år begeistra publikum over heile landet med ei blanding av klassisk song, underhaldning og glimt i auget. Dei har stått på store scener, sunge for kongelege, vore med på opninga av Operahuset i Oslo og bygd opp ei av Noregs mest populære julekonsertturnear.

Når Nordic Tenors kjem til Festspela, blir det ikkje berre ein vanleg konsert.
– Vi har lenge hatt lyst til å gjere noko med Nordic Tenors i Geiranger. Dei har ein kombinasjon av kvalitet, varme og humor som passar veldig godt til Festspela. Samstundes ønskjer vi å utvikle festivalen vidare, og dette blir eit steg i ei ny og spennande retning.

Nordic tenors til Geiranger

Kva formatet blir, vil Festspela vente litt med å røpe. Men publikum kan vente seg ein laurdagskveld med stor stemmeprakt, god stemning og ei oppleving som skil seg frå det ein vanlegvis møter i konsertsalen.

– Vi kan ikkje seie alt enno, men vi kan seie at dette blir feststemt og utanom det vanlege. Nordic Tenors er meisterlege på å kome tett på publikum, og vi gler oss stort til å sleppe meir informasjon ganske snart. Konserten med Nordic Tenors blir laurdag 3. oktober, så vi oppfordrar publikum til å halde av datoen og vere klare når billettane blir lagde ut.

Festspela i Geiranger 2026 byr dermed på både store kammermusikalske opplevingar, musikalsk humor og nye format i verdsarvbygda. Meir program blir kunngjort fortløpande.

Oslo strykekvartett til Festspela i Geiranger

Oslo strykekvartett opnar Festspela i Geiranger!

Billettsalet til Festspela i Geiranger 2026 er i gang. Fredag 2. oktober kl. 20.00 opnar Oslo Strykekvartett festivalen med konsert i Geiranger kyrkje. Publikum får også møte kvartetten i ei meir uformell ramme under Festspelpuben.

Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble. Sidan starten i 1991 har dei spelt for publikum i Noreg, Europa og USA, mellom anna på Wigmore Hall i London og Carnegie Hall i New York.

No kjem dei til Geiranger for å opne Festspela 2026.

– Oslo Strykekvartett har både tyngda, varmen og leikenheita vi ønskjer oss til Festspela. Dei passar svært godt inn i ramma av stor musikk i ei lita bygd, seier festivalleiinga.

Kvartetten er kjend for eit variert repertoar. Dei spelar klassiske meisterverk og nordisk musikk, men tek også gjerne musikalske omvegar. Publikum kan få høyre alt frå Grieg, Nielsen og norske komponistar til overraskande arrangement frå heilt andre sjangrar.

Opningskonserten i Geiranger kyrkje blir ei høgtidsstund der musikken får kome tett på publikum. Seinare i festivalen møter vi kvartetten igjen på Festspelpub, der stemninga blir meir uformell og repertoaret kan få endå større spennvidde.

Festspelpuben har blitt eit populært format under festivalen. Her kan publikum senke skuldrane, kome nær artistane og oppleve musikk på ein annan måte enn i konsertsalen.

Billettane til opningskonserten er no lagde ut for sal. Fleire arrangement og programdetaljar blir sleppte fortløpande.

Opningskonsert med Oslo Strykekvartett
Time: Fredag 2. oktober kl. 20.00
Place: Geiranger kyrkje
Billettar her

Festspelpub med Oslo Strykekvartett
Time: Laurdag 3.oktober kl 21.00
Place: Foajeen, Hotel Union Geiranger
Billettar her

Thank you very much for this year!

No er Festspela i Geiranger 2023 over, og vi gler oss allereie til Festspela i Geiranger den 26.-29. september 2024!

🌞 TAKK for ei fantastisk festspelhelg med gode, sterke opplevingar, nye vennskap og mange gode minne!

Vi i styret og administrasjonen til Festspela i Geiranger vil gjerne takke:

🌞 Dei fantastiske kunstnarane!

Anne Sofie von Otter, Henning Kraggerud, Alma Kraggerud, Almir Meskovic, Daniel Lazar, Rune Hagen, Anna Miklashevich, Kviven Duo, Ole Jørn Myklebust, Dag-Filip Roaldsnes, Lars Martin Vik, Tone Oline Knivsflå, Feristun, Jårångskoret, Valldal Hornmusikklag, Øyvind Skatvedt Robak, Kristina M Stavseng, Ove Kvangarsnes, Eero Voitk, Evgenii Zhukov, Carolin Eide, Stephanie Roux, Ingvild Hegge Eriksen, Kenneth Løken, dei unge talenta som var med på songseminar og meisterklasser, og sist men ikkje minst heile gjengen frå Operaens Sinfonietta ved Operaen i Kristiansund: de skapte magiske øyeblikk og minne for livet!

🌞  Dei inspirerande foredragshalderane på fagseminaret vårt om kulturdestinasjonar!

Kristin Krohn Devold frå NHO Reiseliv, Hilde Bergebakken frå Huset Aukrust, Moa Bjørnson frå Træna 365, Julia Kröner Venø frå Venø Gård KUNST, Trine Røssevold frå Ytre kunstfagskole i Ålesund, Jonas Høgseth frå Møre og Romsdal musikkråd og Katrin Blomvik Bakken frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

🌞 Dei frivillige frå fjern og nær som stod på tidleg og seint og alltid var positive og innsatsvillige: De gjorde ein uvurderlig innsats og skapte kjempestemning i heile bygda!

🌞 Våre gode støttespelarar

Stranda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturrådet, Sparebanken Møre, Gjensidige Indre Sunnmøre, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Stiftinga Mrs Gertrude Mary Marsh-Looi: Takk for at de har tru på oss, utan dykkar støtte hadde ikkje dette vore mogleg.

🌞 Geiranger-bygda

Hotel Union Geiranger, Havila Hotel Geiranger, Brasserie Posten, Geiranger Fjordservice, Geiranger Skywalk – Dalsnibba, Geiranger Turbuss, Norsk Fjordsenter, Joker Geiranger, The Fjords, Geiranger Sjokolade, Café Olé, Fjordbuda, Joker Geiranger, Geiranger Camping, Fossen Camping, Westerås Gard, Vinje Camping, Hole Hytter, Geiranger Cruice Port, emob Geiranger, Classic Norway Hotels, Geiranger Kyrkje, Terje Rusten som guida på Nibba – og alle andre som stilte opp med festspeltilbod og aktivitetar i helga. Saman skal vi fortsetje å lage verdas beste festspel!

🌞 Samarbeidspartar i regional kulturell og kreativ næring

Lars Egil Døving, Jonas Høgseth, Sorentio, Hyke Studio, Merok Design, Regnbogebuda. De er essensielle brikkar for å oppnå eit profesjonelt resultat – og de er berre råflinke!!

🌞 Alle som bidro på haustmarknaden og var med og skapte den gode stemninga. 

🌞 Frivilligsentralane i Fjord og Stranda kommuner, og Biblioteket i Geiranger for samarbeidet med å nå enno fleire med god kunst og kultur! Dette må vi fortsetje med!

🌞 Vårt kjære publikum som kjem frå alle kantar og deler latter, tårer og gode opplevingar med oss. Takk for alle gode møte, nye bekjentskap, gode samtalar og tilbakemeldingar.

Vi er utruleg takksame, og de inspirerer oss stort!

Foto: Hyke Studio og Stian Tjervåg Fredriksen