Styret og gode vener inviterer igjen til uformelt Festspel-vorspiel for å sparke i gang årets mest musikkspekka langhelg i Geiranger. Her får du høyre klassiske favorittar, smektande jazzballader og nydelige svenske viser i skjønn forening – og desse kan best nytast med senka skuldrar og noko godt i glaset. Velkomen!

Med:
Ole Jørn Myklebust – vokal & trompet
Evgenii Zhukov – fløyte
Carolin Eide – piano
Thea Marie Ytterdal – fele
Lars Martin Vik – kontrabass
Gordon Smith – vokal & gitar
Gunnar Inge Eide – piano

***

Time: Torsdag 29. september 2022 kl. 20:00
Place: Havila Hotel Geiranger
Billettpris: Kr. 150/80
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)