Programmet for 2026 er klart!
Festspela i Geiranger 2026 er klare med eit program som spenner frå kammermusikk og folkemusikk til song, humor, fjordkonsert og nye møteplassar. På programmet står mellom andre Oslo Strykekvartett, Nordic Tenors, Eva Weel Skram, Kåre Nordstoga og Britt Pernille Frøholm.
Vi er glade og stolte over å kunne presentere programmet for Festspela i Geiranger 2026. Årets festival samlar nokre av landets fremste utøvarar i ei ramme berre Geiranger kan gi: fjorden, fjellgarden, det unike kyrkjerommet og festivalbygda.
– Dette er eit program vi har gleda oss til å dele. Vi ønskjer at Festspela skal romme både det høgtidsame, det nære, det feststemte og det overraskande. I år meiner vi at vi har fått til nettopp det, seier festivalleiinga.
Festivalen opnar i Geiranger kyrkje med Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga. Her får publikum møte musikarar av ypperste klasse i eit rom som kler både strykarklang og orgelprakt. Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble, medan Kåre Nordstoga er rekna som ein av Europas fremste konsertorganistar.
Eva Weel Skram kjem også til Festspela. Ho skal halde konsert om bord på Geirangerfjord III, i stille ferd gjennom verdsarvfjorden. Med Dei sju søstre som kulisse blir dette ei ny satsing for Festspela, i samarbeid med Geiranger Fjordservice.
Laurdag kveld blir det konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen. Dei tre tenorane er kjende for vakker stemmeprakt, lun humor og framføringar på høgt nivå. I Geiranger får publikum oppleve dei med fjordlandskapet som storslått bakteppe.
Folkemusikken får også ein sentral plass i årets program. Britt Pernille Frøholm møter Oslo Strykekvartett på Festspelpub, og ho deltek også på fjellgardkonserten på Westerås gard saman med Geir Inge Lotsberg og Kåre Nordstoga. Der blir Festspela avslutta med eit møte mellom folkemusikktradisjonen på Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet.
I tillegg byr programmet på Barnas Festspel, haustmarknad og festivalgate, Pub-kor på Gildetun ungdomshus og festspelgudsteneste i Geiranger kyrkje.
– Festspela skal vere ein stad der publikum kjem tett på både musikken, artistane og bygda. Vi ønskjer å skape opplevingar som berre kan skje her, i møte mellom musikken, naturen og menneska. Velkomen til nye festspeldagar i Geiranger.















