Oslo strykekvartett opnar Festspela i Geiranger!
Billettsalet til Festspela i Geiranger 2026 er i gang. Fredag 2. oktober kl. 20.00 opnar Oslo Strykekvartett festivalen med konsert i Geiranger kyrkje. Publikum får også møte kvartetten i ei meir uformell ramme under Festspelpuben.

Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble. Sidan starten i 1991 har dei spelt for publikum i Noreg, Europa og USA, mellom anna på Wigmore Hall i London og Carnegie Hall i New York.
No kjem dei til Geiranger for å opne Festspela 2026.
– Oslo Strykekvartett har både tyngda, varmen og leikenheita vi ønskjer oss til Festspela. Dei passar svært godt inn i ramma av stor musikk i ei lita bygd, seier festivalleiinga.
Kvartetten er kjend for eit variert repertoar. Dei spelar klassiske meisterverk og nordisk musikk, men tek også gjerne musikalske omvegar. Publikum kan få høyre alt frå Grieg, Nielsen og norske komponistar til overraskande arrangement frå heilt andre sjangrar.

Opningskonserten i Geiranger kyrkje blir ei høgtidsstund der musikken får kome tett på publikum. Seinare i festivalen møter vi kvartetten igjen på Festspelpub, der stemninga blir meir uformell og repertoaret kan få endå større spennvidde.
Festspelpuben har blitt eit populært format under festivalen. Her kan publikum senke skuldrane, kome nær artistane og oppleve musikk på ein annan måte enn i konsertsalen.
Billettane til opningskonserten er no lagde ut for sal. Fleire arrangement og programdetaljar blir sleppte fortløpande.
Opningskonsert med Oslo Strykekvartett
Time: Fredag 2. oktober kl. 20.00
Place: Geiranger kyrkje
Billettar her
Festspelpub med Oslo Strykekvartett
Time: Laurdag 3.oktober kl 21.00
Place: Foajeen, Hotel Union Geiranger
Billettar her

