Festkonsert

FESTKONSERT

Velkomen til festkonsert med årets festspelsprofil TINE THING HELSETH! Tine er utan tvil den fremste klassiske trompetisten i Noreg i dag, og har trass sin unge alder allereie rukke å etablere seg som ein internasjonal toppsolist med sitt karakteristiske mjuke og klare spel. Ho har vore solist i leiande orkester over heile verden, i tillegg til dei profesjonelle norske orkestra. I ein alder av 29 år vart ho innsett som professor på Norges Musikkhøskole, og mange har sikkert også opplevd ho som programleiar både på TV og i radio.

Til Festspela i Geiranger kjem ho med pianisten Gunnar Flagstad og gitaristen Jarle Storløkken, to av Noregs leiande musikarar innan sine sjangrar, og saman vil dei presentere eit heftig repertoar hovudsakleg frå tangoens verd.

Konserten vil og by på Operaens Sinfonietta frå Operaen i Kristiansund, eit kammerensemble med 14 profesjonelle musikarar under leiing av stjernefiolinist og dirigent Øyvind Bjorå. Sinfoniettaen er svært aktive heile året og er det einaste profesjonelle orkesteret på kysten mellom Trondheim og Bergen. Øyvind Bjorå er konsertmester i Den norske Operas orkester, og som dirigent har han leia alle dei norske orkestera.

Program:

  • Beethoven: Romanse. Solist: Øyvind Bjorå
  • Dukas: Trollmannens læregutt
  • I tillegg eit ytterlegare nummer – TBA
  • Tango-avdeling ved Tine Thing Helseth

 

Date

sep 18 2021
Expired!

Time

20:00 - 22:00

Location

Geirangersalen
Hotel Union, Geiranger
Category