Kva skjer når ein av verdas største komponistar møter ein sjølvutnemnd verdsdirigent med fjør i hatten? I Eventyret om Beethoven får vi bli med på ei musikalsk reise gjennom livet til Ludvig van Beethoven – frå den vesle guten med eit stort talent, til den legendariske komponisten som spelte for kongar og keisarar.
Isa Katharina Gericke syng og fortel med varme og glimt i auget, og gir liv til Beethovens dramatiske og inspirerande livshistorie. Med seg har ho den snakkesalige og sjølvsikre dokka Amadeus Marcellus Octavian Rosenstjert Larsen, spelt og skapt av Helene Byhring Fosheim. Rosenstjert krydrar framsyninga med humor, påstandar om eigen genialitet – og eit ustoppeleg engasjement for musikk.
Med musikk, song, forteljing, dialog og dukketeater vert historia levande for små og store publikummarar. Framsyninga byggjer på Minken Fosheim si populære bok- og plateserie Eventyret om…, og er ein del av ein serie med barneframsyningar om klassiske komponistar.
Musikken vert presentert av våre vener i strykekvintetten frå Operaen i Kristiansund, som saman med Isa og pianist framfører utdrag frå Beethovens meisterverk – til glede, læring og underhaldning.
Tid: Laurdag 28. September 2024 kl. 13.00
Stad: Havila Hotel Geiranger, 7.etg
Billettpris: fri inngangs