Tid: Fredag 30. september 2021 kl. 10:00-15:00 (registrering frå kl. 09:30)

Stad: Norsk Fjordsenter i Geiranger

Billettpris: Kr. 400/300/200 (Ordinær/venneforening/student+ENK)

Arrangørar: Festspela i Geiranger, Møre og Romsdal fylkeskommune og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv


I regjeringa sin strategi for kultur og reiseliv er målet å styrke Noreg sin posisjon som kulturdestinasjon. Potensialet for verdiskaping frå kulturturisme er stort, innanfor både kultursektoren, reiselivet og andre næringar. Kultur kombinert med reiseliv kan bidra til større aktivitet, meir kultur, betre næringsutvikling og fleire heilårsarbeidsplassar. For å utløyse dette potensialet og utvikle sterke kulturdestinasjonar må mange dra i same retning. Korleis gjer vi det? Og korleis kan aktørar innan kultur og reiseliv utvikle kompetansen sin innanfor forretningsdrift, produktutvikling og marknadsføring – og samarbeide betre på tvers?

For andre år på rad inviterer Festspela i Geiranger til heildags fagkonferanse med tema kulturturisme, i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi presenterer foredragshaldarar med erfaring frå ulike delar av feltet og verkemiddelapparatet, og utfordrar både dei og publikum i ein avsluttande samtale mellom scene og sal. Blant spørsmål vi søkjer svar på:

– Korleis utvikle nye konsept innan kulturturisme som vert berekraftige?
– Korleis skape lokal forankring og samarbeid mellom kultur og reiseliv?
– Kva kan det offentlege virkemiddelapparatet bidra med for å lykkast i større skala?
– Korleis bli synleg i mylderet av tilbod for å bli attraktiv både lokalt og globalt?

Lunsj inngår i prisen, og vi tilbyr rabatterte billettar til enkeltpersonforetak, studentar og medlemer av venneforeninga til Festspela i Geiranger. 


Program:

09:30
Registrering og kaffi

10:00
Kunstnarisk innslag

10:10
Velkomen ved Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 

10:20
Program og praktisk informasjon ved konferansier Katrin Blomvik Bakken

10:30
Odd Roar Lange er reiselivsekspert, kjend som The Travel Inspector og ein av dei mest erfarne reiselivsjournalistane i Noreg. Vi har invitert Odd Roar til fagkonferansen for å fortelje oss kva han syns stader som Geiranger bør gjere for å lukkast som kulturdestinasjon.

11:00
Eli Kristin Hanssveen er operasongar og initiativtakar og kunstnerisk leiar for Operafest Røykenvik, ein årleg festival for opera og vokal kunst på internasjonalt nivå i Røykenvik ved Randsfjorden. Festivalen skaper både arbeidsplassar, aukar lokal omsetning og aukar kjennskapen til regionen – i tillegg til at det kunstneriske innhaldet allereie har vekt nasjonal og internasjonal merksemd. Eli Kristin skal fortelje om utviklinga av festivalen – frå ein ti år lang draum til ein framoverlent organisasjon som satsar på samarbeid og kulturturisme.

11:30
Tor André Moritsgard er dagleg leiar for MYLDR, ein ny, kreativ arrangør i Molde som skapar kunstneriske og sosiale møteplassar på ei rekke arenaer i regionen. MYLDR er i utvikling, og er ein del av det nyoppretta Romsdal co-work. Tor André har lang fartstid i kulturbransjen, og ved sida av rolla som dagleg leiar i MYLDR er han óg dagleg leiar i Rabalderfestivalen. Han vil fortelje om erfaringa med å byggje opp eit innovativt kulturselskap, å skape forankring og engasjement lokalt og regionalt – og om vegen vidare.

12:00
Lunsj i kaféen (inkludert i deltakaravg.)

13:00
Johan Einar Bjerkem eig Kulturgarden Bjerkem og er vertskap for besøkande på garden. Han har gitt ut seks kulturfaglege bøker, og er dagleg leiar av Stiftinga Hilmar Alexandersen som mellom anna står bak Hilmarfestivalen og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans. Han er aktiv forteljar, dansepedagog og fjøsnisse, og er styreleiar og partner i KultLab. Johan Einar vil fortelje korleis han har skapt eit viktig regional kulturnæringssenter og dele sine råd med andre som tenker på å utvikle eigen gard til kulturformål. 

13:30
Korleis kan kulturaktørar og kulturdestinasjonar skilje seg ut i sosiale media og bli meir synlege? Marknadsføringsekspert Stian Tjervåg Fredriksen frå det digitale reklamebyrået Sorentio kjem til Geiranger for å fortelje oss korleis vi kan lage innhald som blir lagt merke til og som skapar engasjement! 

14:00
Beinstrekk med kaffi

14:15
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å bli opplevingsfylke nr. 1. Lillian Sæther er rådgjevar i fylkeskommunen, og vil fortelje om eit av virkemidla deira for å nå dette målet; tilskotsordninga «Reiseliv – utvikling av berekraftige opplevingar – heile året».

14:30
Open samtale mellom scene og sal. Moderator: Katrin Blomvik Bakken

15:00

Program slutt. Mingling i kaféen.

***

Fagseminaret er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune

Festspela i Geiranger er ein årleg musikkfestival med hovudfokus på klassisk musikk. Her kan du få ein unik kombinasjon av store musikalske opplevingar, spektakulære naturrammer og lokal matkultur.