Fredagen under Festspela i Geiranger inviterer Festspela til fagseminar om kulturturisme i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Seminaret byr på foredragshaldarar om kulturturisme og vi trekkjer fram gode eksempel på vellukka satsingar til inspirasjon for andre. Fagseminaret er eit årleg treffpunkt under Festspela for aktørar som vil lære meir om utviklinga i skjæringspunktet mellom kultur og reiseliv.

Kulturturisme er eit satsingsområde internasjonalt, nasjonalt og regionalt. Turistar er sjeldan berre interessert i ein ting, og satsingar som kombinerer kultur-, natur- og matopplevingar har både vist seg å gjere turistar meir nøgde – og å skape meirverdi for lokalt reiseliv og aktørar innan kulturell og kreativ næring. Kan fleire samarbeidsbaserte prosjekt innan kulturturisme vere ei kjelde til eit meir berekraftig kultur- og reiseliv? Og kva skal til for å få det til i praksis?

Desse foredragshaldarane er allereie klare:

Ragnhild Hemsing er årets festspelprofil, og kjem for å fortelje om arbeidet deira med Hemsingfestivalen i Valdres der dei har mange spanande festivalkonsept.

Alf Knutsen er kulturarbeidar med mange prosjekt, mellom anna storsatsinga “Petter på skjæret”, medan mange kjenner han som opphavsmann til den populære TV-serien Elias.

Erik Strand og Hilderun Søholt frå Storfjord kulturhus kjem for å fortelje om suksesskonseptet “Mat- og kulturkveld”.

Fleire spanande foredragshaldarar vil kome!

Hald av datoen 27.september allereie no.