Veiar til innovasjon i opplevingsnæringa

Hald av datoen! Møre og Romsdal fylkeskommune, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Festspela i Geiranger inviterer til eit nytt fagseminar i spektakulære omgjevnader – der kultur, oppleving og reiseliv møtest.

Fagseminaret er blitt ein viktig møteplass for aktørar frå både kulturliv, reiseliv og offentleg sektor, og vi ønskjer igjen velkomen til eit døgn fylt med inspirasjon, fagleg påfyll og gode samtalar.

Gjennom foredrag, samtalar og kunstnariske innslag vil vi rette blikket mot samskaping og berekraftige løysingar for framtida – med eksempla, innsikta og menneska som viser veg. Programmet blir lansert seinare, men vi kan love spanande innhald og ei lunsj-til-lunsj-oppleving med overnatting.

Tid: Torsdag 25. september, kl. 12.00–16.00 og fredag 26. september kl 09:00-13:00
Stad: Norsk Fjordsenter, Geiranger
Arrangørar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Festspela i Geiranger

Set av datoen og gled deg til eit døgn med utsyn, innsyn – og kanskje nye samarbeid på tvers!