Inspirasjon for alle som arbeider med reiseliv, kultur og i skjæringspunktet mellom desse!

For tredje år på rad inviterer Festspela i Geiranger til heildags fagseminar i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv. Vi presenterer foredragshaldarar med erfaring frå ulike delar av feltet, og utfordrar både dei og publikum i ein avsluttande samtale mellom scene og sal. 

Lunsj inngår i prisen, og vi tilbyr rabatterte billettar til enkeltpersonforetak, studentar og medlemer av venneforeninga til Festspela i Geiranger. 

OBS: Om de vil ha faktura tilsendt i staden for å betale med kort, kan de kontakte oss på post@festspel.no

Dato: Fredag 15. September 2023
Stad: Norsk Fjordsenter i Geiranger Kl: 10:00 – 15:00                    

09:00 – 10:00 Registrering og kaffi

10:00 Opning med kunstnerisk innslag – Feristun

10:10 Velkommen til fagleg påfyll og inspirasjon, v/Katrin Blomvik Bakken

10:15 Kultur som drivar for ei berekraftig reisemålsutvikling og gode lokalsamfunn å bu i heile året – Kristin Krohn Devold, direktør NHO Reiseliv

10:45 Eksempel frå oppbygging av kulturturisme – erfaringar frå Røros, Nordvestlandet og Aukrust sitt unike univers – Hilde Bergebakken, dagleg leiar Huset Aukrust

11:30 LUNSJ – haustsuppe frå Brasserie Posten

12:15 Korleis lykkast med langsiktig stadsutvikling – erfaringar frå Træna Moa Bjørnson, dagleg leiar Træna 365

13:00 Geirangerfjorden Lyskunstfestival og AIR Geiranger – kva kan kunst- og kultursatsinga gi av mogelegheiter og potensiale? Katrin Blomvik Bakken, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

13:20 PAUSE, mingling, beinstrekk med noko søtt attåt

13:30 Venø Gård KUNST is a rural arts organization located on the island Venøy in Stad kommune, Vestland – Julia Kröner Venø, Founder & Creative Director                  

14:00 Ytre kunstfagskole i Ålesund – kunststudentane sine blikk på staden. Trine Røssevold, rektor og billetkunstnar 

14:30 Kva skal til for å tilpasse eit lokale til kulturformål – og korleis finansiere prosjekta? – Jonas Høgseth, Møre og Romsdal musikkråd

14:50 Avrunding og oppsummering 

Velkomen til Festspela i Geiranger! 

Billettar:

Enkeltpersonsføretak/Studentar u/25 år: 200,-
Vaksne: 400,-
Medlem av venneforeninga: 300,-

Stad: Norsk Fjordsenter