Blir bedrifta eller heimesida di funnen på nett – også når kundane spør AI?

Har du ei nettside, men ikkje ein eigen IT- eller marknadsføringsavdeling som passar på at ho blir funnen? Då er dette kurset for deg. Google er framleis viktig, men stadig fleire bruker også AI-verktøy for å finne informasjon, produkt og tenester. På dette praktiske kurset lærer du kva som skal til for at bedrifta di blir meir synleg – både i vanlege søk og i AI-søk. Du treng ingen spesielle IT-kunnskapar. Målet er at du skal sitje igjen med konkrete grep du kan bruke på di eiga nettside.

Dette lærer du:

  • kva SEO og AI-SEO er
  • korleis du finn ut kva kundane dine søkjer etter
  • korleis du lagar innhald som blir funne
  • det viktigaste om teknisk SEO
  • korleis omtale og lenker påverkar synlegheita
  • korleis du måler resultat og prioriterer vidare arbeid

I forkant blir nokre av nettsidene til deltakarane analyserte, slik at vi kan bruke konkrete og relevante døme i kurset.

Kurshaldar Kåre Garnes frå Synlighet.no har rundt 15 års erfaring med digital synlegheit, både frå byrå og kundesida. Han har arbeidd med verksemder som SAS, Thon Hotels, Elkjøp, ATEA og BI, og er oppteken av praktiske tiltak som gir betre synlegheit.

Tid og stad:
Kinosalen ved Norsk Fjordsenter, Geiranger
– Torsdag 1. oktober kl. 16.00–19.00 og
– fredag 2. oktober kl. 09.00–12.00

Pris:
Bedrifter/vaksne: 400 kr
Studentar og ENK: 200 kr
Enkel servering inkl i prisen. Ta gjerne med eiga datamaskin.

Arrangørar: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Festspela i Geiranger

Påmelding til katrin@verdsarvfjord.no innan 23. september.

Og så oppfordrar vi sjølvsagt alle til å få med seg minst to konsertar under Festspela, og her er eit rikt utval: Oslo strykekvartett, Nordic Tenors, Britt Pernille Frøholm, Eva Weel Skram – alle i unike Geiranger-omgjevnader! Velkomne!