Har du ein besteven? I dag får du treffe Almir og Daniel, og dei er superbestevener. Saman spelar dei folkemusikk frå Balkan på fiolin og trekkspel. Desse to kan lage utruleg mange rotete, rare eller pipete lydar, og så kan dei spele superfort med begge hender samtidig. Kom til Festspela og opplev forestillinga 1000 knapper og 4 strenger. 
Med denne forestillinga har dei fått ei av de største utmerkingane som går an, nemlig prisen for verdas beste skulekonsert av YAMawards. Konserten er produsert av utøvarane i samarbeid med Samspill International Music Network og prosjektet Baluba. Dette er ein konsert som utøvarane har reist rundt med i Den kulturelle skolesekken, og passar for heile familien. 
Medverkande:
Almir Meskovic – trekkspel med 1000 knappar
Daniel Lazar – fele med 4 strengar

***
Tid: Søndag 17. september 2023 kl. 13:00
Stad: Havila Hotel Geiranger
Billettpris: Kr. 150
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)