Skogen – framand, forunderleg, mystisk. Ein magisk stad full av overraskingar, der ingenting er heilt som ein skulle tru.

Slik er det i kvart fall når Roald Dahl sin fantasi slepp laus på eventyret om Lille Rødhette. Dei kjente karakterane, ulven, bestemora og den lille jenta i raud kappe, er sjølvsagt med, men Roald Dahl har krydra historia og laga ei overraskande vri på den – full av burlesk humor og sitrande spenning. Her treng ikkje Rødhette hjelp frå ein forbipasserande jeger, ho kan hamle opp med ulven sjølv! 

Forteljinga blir tonesatt av Operaens Sinfonietta, med musikk skrive av britiske Paul Patterson. Forteljar er Sigrid Alnæs.

Forestillinga er egna for barn frå 5 år.

Medverkande:
Operaens Sinfonietta og forteljar Sigrid Alnæs

***

Tid: Søndag 02. oktober 2022 kl. 13:00
Stad: Havila Hotel Geiranger
Billettpris: Kr. 150
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)