Laurdagen under Festspela i Geiranger byr på liv og røre i heile sentrum! Festivalgata forvandlar Geiranger til ein levande marknadsplass der du kan rusle mellom fargerike boder, smake på lokalprodusert mat, oppdage unikt kunsthandverk – og nyte stemningsfull musikk.

Gjennom dagen blir det minikonsertar og musikalske innslag frå både lokale og tilreisande aktørar, og både store og små kan vente seg overraskingar og festivalglede rundt kvart hjørne.

Kl. 14.00 går jazzparaden gjennom gatene, leia av jazzbandet Gumbo og ei heil parade av entusiastiske unge musikantar – eit høgdepunkt du ikkje vil gå glipp av!

Samtidig arrangerer vi Barnas Festspel med leik, aktivitetar og kulturinnslag for dei yngste.
👉 Les meir om Barnas Festspel her.

Ta med deg vener, familie og godt humør – og bli med når Geiranger sentrum fyllast med musikk, mat og ekte festivalstemning!

Tid: Laurdag 27. september, kl. 11.00-17.00
Stad: Geiranger sentrum
Billettpris: Gratis!