Velkommen til ei stemningsfull festspelgudsteneste i vakre Geiranger kyrkje. Gudstenesta er ein årlig tradisjon under Festspela, og inviterer både bygdefolk og tilreisande til eit åndeleg pusterom i festivalprogrammet.

I år blir det musikk av mellom andre Felix Mendelssohn-Bartholdy og Torbjørn Dyrud, framført av eit handplukka ensemble og solistar frå årets festspelprogram.

Medverkande:
Isa Katharina Gericke, mezzosopran
Trond Harald Saltnes og Odd Sonntag, fiolin
Anna Ostachowska, bratsj
Zhala Aliyeva, cello
Haonan Ding, kontrabass
Tom Gontier, trompet
Gunnar Inge Eide, orgel

Ei gudsteneste med musikk i vakre omgjevnader, midt mellom fjell og fjord.

Tid: Søndag 28. september, kl. 11.00
Stad: Geiranger kyrkje
Billettpris: Gratis