Festspelgudstenesta i nydelege Geiranger kyrkje er ein fast del av Festspelprogrammet.
Her kan du oppleve klassisk kyrkjemusikk med topp utøvarar.


Solist Anna Veiteberg vil saman med festspelkoret og profesjonelle musikarar framføre musikk av Bach, Mozart, Vivaldi og Rutter. Vi er mange som hugsar tilbake til festspelgudstenesta i 2023 med stor glede og mange gode minne, og også dei strålande konsertane i samband med Påskefestivalen 2024.
Gudstenesta vert leia av sokneprest Barbro Godø Thomassen.


Gratis inngang, kollekt ved utgangen. Gudstenesta er støtta av Stiftinga Mrs.Looi.