Festspelgudstenesta har vore ein fast del av Festspela sidan starten i 2021. I 2026 får publikum oppleve musikarar frå festivalprogrammet i Geiranger kyrkje, mellom dei domorganist Kåre Nordstoga og fiolinist Geir Inge Lotsberg.
Søndagen under Festspela samlast vi tradisjonen tru til festspelgudsteneste i Geiranger kyrkje.
Festspelgudstenesta har vore ein del av festivalen heilt sidan starten i 2021, og har blitt eit viktig og kjært innslag i programmet. Her møtest ord, musikk og fellesskap i det vakre kyrkjerommet, med Geirangerfjorden og verdsarvbygda som ramme.
Også i 2026 deltek musikarar frå festivalprogrammet. Publikum får mellom anna høyre domorganist Kåre Nordstoga, ein av Europas fremste konsertorganistar, og fiolinist Geir Inge Lotsberg frå Oslo Strykekvartett. Saman med andre medverkande vil dei bidra til ei høgtidsam og vakker gudsteneste med musikk på høgt nivå.
Festspelgudstenesta er ei roleg og sterk avslutning på festivalhelga – ein stad for ettertanke, nærvær og store musikalske augneblinkar.
Stad: Geiranger kyrkje
Tid: 4.oktober kl 11.00
Pris: gratis inngang / kollekt ved utgangen


