Mozart, Bach, Vivaldi, Beethoven, Brahms. Så og seie alle dei store komponistane i litt eldre tid hadde kyrkjemusikk som ein del av produksjonen sin. I Festspelgudstenesta vert det høve til å høyre musikk av fleire av dei store komponistane, framført av eit framifrå ensemble av musikarar, og med den fantastiske sopranen Anna Miklashevich som solist.
I orkesteret sit mellom andre Eero Voitk, Evgenii Zhukov, Øyvind Skatvedt Robak og Carolin Eide. Festspelkoret, sett saman av ungdom og damer frå bygdene våre deltek også.
Dette er musikken vi får høyre:
Wolfgang Amadeus Mozart:
Alleluia frå Exultate Jubilate
Laudate Dominum fra Vesprae Solennes
Antonio Vivaldi:
Laudate Pueri RV 601
Johann Sebastian Bach:
Süsser Trost, mein Jesu kömmt, frå BWV 151
John Rutter:
The Lord bless you and keep you
I tillegg vert det sjølvsagt god salmesong, og gudstenesta vert leia av sokneprest i Sunnylven Ann Kristin Langeland. Det vert nattverd, takkoffer og presentasjon av konfirmantane.