Festspelvorspiel og MUSIKKBINGO med Inga og Elisabeth! 🎶

Festspela i Geiranger fyller 5 år, og vi sparkar i gang jubileumshelga med eit skikkeleg vorspiel – uformelt, underhaldande og heilt i festivalens ånd!

Torsdag kveld inviterer vi til musikkbingo i Geiranger Vognfabrikk på Hotel Union Geiranger, leia med stødig hand (og godt humør!) av dei fantastiske Inga og Elisabeth. Her er det berre å finne seg eit bord, hente bingoark, spisse øyrene – og glede seg til ein kveld fylt med musikalske godbitar og artige overraskingar.

🎵 Kanskje kjenner du att den låta frå 90-talet? Var det ikkje noko av Moddi du høyrde der? Og kva heiter eigentleg den klassikaren som alltid får opp stemninga?
Musikkbingo er som vanleg bingo – men i staden for tal, kryssar du av for låtar du høyrer. Her kan alle vere med, uansett alder eller musikkpreferansar.

Det blir sjølvsagt fine premiar, høg allsangfaktor, kanskje eit lite musikalsk innslag – og ei gyllen moglegheit til å bli kjent med både fastbuande, festivalgjengarar og feriefolk.

Arrangementet er gratis og ope for alle – baren held ope, og det blir mogleg å kjøpe seg noko godt i glaset.

Velkomen til ein uformell og festleg start på Festspela i Geiranger 2025 – dette blir ein kveld du ikkje vil gå glipp av!

Geiranger Vognfabrikk, Hotel Union Geiranger
Torsdag 25. september kl 20:00
Gratis inngong!