Musikk og lyrikk på fantastiske Dalsnibba! Med utsikt over fjord og fjell kan du oppleve eit program med norsk og europeisk poesi og musikk. Dette blir eit unikt høve til ei oppleving utanom det vanlege, og med i billetten får du også bussturen opp gjennom geirangerbygda med lokalkjend reiseleiar og guide og ein utsikt som tek pusten frå alle og ein kvar. Høyr den spanande historia om byggjinga av vegen og om livet til folket i Geiranger, nyt den fantastiske utsikten frå Dalsnibba og ikkje minst: få ei unik kulturoppleving. Det vert godt høve til å nyte utsikten og også å kjøpe seg kaffi og noko å bite i før og etter konserten.

Tone Oline Knifsflå frå Geiranger er utdanna ved Teaterhøgskolen i Oslo og skal saman med Operaens strykekvartett frå Operaen i Kristiansund stå for festivalens høgaste kulturoppleving – 1500 m.o.h.

Fri passering i bommen for dei som sit på bussen.

OBS: Avgong buss frå Norsk Fjordsenter klokka 11:00.

******

Tid: Laurdag 16. September 2023 kl. 12:00 (avgang frå Norsk Fjordsenter kl 11:00)
Stad: Geiranger Skywalk Dalsnibba
Billettpris: Kr. 400/100
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)