Konsert på Geirangerfjorden om bord på M/S Geirangerfjord 2
– Ei kulinarisk oppleving i nasjonalromantikkens rike

Bli med på ei uforgløymeleg reise som kombinerer kulinariske opplevingar, vakker musikk og spektakulær natur.

Tre-retters måltid på ei fjøl

Når vi spør meisterkokk Kenneth Løken frå Brasserie Posten kva gjestane vil få servert svarar han: “Tanken er å servere eit tre-retters måltid på ei fjøl. Eg vil presentere gode smakar frå Brasserie Posten. Gode ostar. Aure, kje, hjort. Og noko søtt, lekkert. Du kan godt kalle det Fjord-tapas.” Førsteklasses, lokale råvarer er essesielt i Kenneth sitt tankesett og arbeidsmåte og alt vert tilberedt på beste vis. Berre den kulinariske opplevinga er verd billetten i seg sjølv, men det stoppar ikkje der:  

Mat, musikk og mektig natur

Ein kan godt kalle heile fjordkonsert-opplevinga for ein tre-retters også: Mat, musikk og mektig natur. Musikken, det andre elementet av opplevinga, blir levert av dyktige profesjonelle musikarar som vil vekke kjensler og minne gjennom sine kunstnariske framføringar. Tonane vil smelte saman med den storslåtte naturen og skape ei atmosfære av rein magi.

Fjordkonsert med mat og musikk på MF Geirangerfjord 2.
Fjordkonserten er laurdag 16.september, med avgang kl 12.

Ein perfekt trio

Det tredje elementet, den mektige naturen omkransar dei to andre opplevingane og skaper ei perfekt scene. Laurdag 16. september er datoen å merke seg, og vi tilrår at du møter opp i god tid før avreise som er kl. 12.00 frå kaia. Ver førebudd på å bli tekne med på ei reise gjennom norsk kulturarv, der fjella speglar seg i det krystallklåre vatnet, og fossane dansar i harmoni med musikken.

Magic moments!
Minne frå Fjordkonsert for to år sidan.

Berre under Festspela

Konserten på Geirangerfjorden er eit unikt høve til å oppleve Noreg på sitt mest spektakulære, samstundes som du nyt vakker musikk og deilig mat, ei oppleving du berre får under Festspela. Ta gjerne med vener og familie for å dele denne minneverdige opplevinga saman.For å sikre din plass på dette eksklusive arrangementet anbefaler vi deg å vere rask, sidan talet på plassar er avgrensa.

Bli med oss på M/S Geirangerfjord 2 for ei uforgløymeleg reise med musikk, mat og natur – ein oppleving som vil sitje i hjartet ditt lenge etter at vi har sagt farvel til fjordane.

Vi gler oss til å ønskje deg velkommen om bord!

Blåsekvintetten frå Kristiansund spelar på Fjordkonserten.
Sinfoniettaens blåsekvintett står for musikken ombord

som vil sitje i hjartet ditt lenge etter at vi har sagt farvel til fjordane.

Vi gler oss til å ønskje deg velkommen om bord!