Bli betre kjend med forfattarskapen til Nobelprisvinnaren Jon Fosse!
Jon Fosse – verdskjend nynorskforfattar – femner vidt, og skriv i ulike sjangrar. Tekstane hans ber også preg av det musikalske, noko vi fokuserer på i dette arrangementet. Du får også høyre nokre av Fosse sine dikt.
Nobelprisen er å sjå på som ein pris til nynorsken, sa Jon Fosse i samband med prisutdelinga. Leiar i Noregs Mållag utdjupar dette når han snakkar kva Fosse og Nobelprisen har å seie for nynorsken. Fosse skriv mellom anna om bygda, fjorden og byen på ein måte som treffer mange. Dette bør høve godt nettopp på desse kantar.
Førebels program med oppstart kl 1130 på Norsk Fjordsenter:
Programleiar: Bibbi Kjølås, NRK-journalist
Utandørs:
- Opning og velkomst ved Anders Folkestad, leiar i Stranda mållag
- Fossedikt ved Fosseråsa ved Sigurd Drege
Innandørs:
- Musikk med inspirasjon frå Jon Fosse sine tekstar. Foredrag – om musikken i Fosse sin forfattarskap, ved Geir Hjorthol, professor ved Høgskulen i Volda, Fossekjennar og musikar.
- Appell med musikalsk innslag, ved Janne Urkegjerde, folkemusikar og nestleiar i Norsk Målungdom.
- Jon Fosse – Nobelprisen og nynorsken, ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
- Avrunding ved Sigurd Drege – og eit Fossedikt
Programmet varer ca 1,5 time, og er eit samarbeid mellom Stranda Mållag og Festspela i Geiranger.
OBS: Dette er eit førebels program, så det kan kome endringar.Tid: Laurdag 27. september 2024 kl 11.30
Stad: Oppmøte utanfor Norsk Fjordsenter