Fjellgardkonsert på Westerås gard

Sigrid Moldestad rundar av Festspela i Geiranger 2025 med ei heilt spesiell og nær akustisk solokonsert – midt i det storslåtte kulturlandskapet på Westerås gard. Med seg har ho slåttar, songar, poesi og personlege historier frå bokplata Breim, som kom ut hausten 2023.

Moldestad er kjend for si sterke tilknyting til både tradisjon og formidling. I denne konserten får publikum kome tett på artisten – og musikken ho har sitt djupaste hjarte i. Det blir ei lågmælt og ærleg oppleving, der publikum får høyre både eigne songar og tolkingar av folkemusikk frå heimbygda Breim og Nordvestlandet.

Gjennom sju soloalbum, ei rekkje prisar og kunstnariske samarbeid har Moldestad markert seg som ei av dei viktigaste stemmene i norsk musikk- og teaterliv. Med prosjekt som Taus, Regndråpeborna og ikkje minst Pederhuset har ho vist eit brennande engasjement for historia, røtene og kvinnene sin plass i folkemusikken.

Framsyninga finn stad i kafélokala på den vakre fjellgarden Westerås, med utsyn over Geirangerfjorden. Her får du Sigrid Moldestad heilt tett på – utan filter. Berre ho, fela og det ho har på hjartet. Ein vakker og varm finale på årets festspel – i perfekte rammer mellom fjord, fjell og felespel.

Og som ei ekstra oppleving arrangerer vi felles gåtur med start på parkeringsplassen ved Union. Terje Rusten vil vere lokal kjentmann og fortelje på vegen opp til Westerås.
Start kl 12.30, men vi ventar på dei som har vore i kyrkja dersom det trengs.

Medverkande:
Sigrid Moldestad, vokal og feleTid: Søndag 28. september, kl. 13.30
Stad: Westarås Gard
Billettpris: 300/100