Ein fest utan parade er ikkje komplett – og under Barnas festspel går vi sjølvsagt i takt til tonane frå Gumbo og eit heilt orkester av unge musikantar!
Med New Orleans-bandet Gumbo i front og deltakarane frå gehørspelseminaret rett bak, blir det liv og rytmar gjennom Geiranger sentrum. Den årlege jazzparaden er eit høgdepunkt for både born og vaksne – ein musikalsk marsj fylt av energi, glede og ekte spelestemning.
Still deg langs ruta, syng med, dans eller bli med og gå – her er det rom for alle som vil vere med på musikken!
Tid: Laurdag 27. september, kl. 14.00
Stad: Geiranger sentrum
Billettpris: Gratis