Velkomen til årets første festivalpub! Tre unike og allsidige jazzmusikarar serverer avslappende tonar, sterkt inspirert av den legendariske trompetisten og vokalisten Chet Baker. I tillegg har vi den store gleda av å ha med ein svært talentfull gjest.

Trompetist og vokalist Ole Jørn Myklebust frå Eidsdal har gjort seg bemerka i norsk musikkliv i over 20 år, ikkje berre som musikar, men òg som produsent, komponist og bandleiar. Med bakgrunn i både jazz og vise har han gitt ut fleire soloalbum, og samarbeidd med kjende norske artistar som Jonas Fjeld, Ola Bremnes og Ingrid Olava. Han var òg fast medlem i Mari Boine band i over 15 år og har turnert verda rundt.

Dag-Filip Roaldsnes er ein strålande jazzpianist frå Valderøy. Etter å ha fullført mastergraden sin i jazzpiano ved Norges Musikkhøgskole, har han blitt ein namn vi ofte ser på dei beste jazzscenene. Med tre kritikerroste album bak seg, blant anna det prisvinnande debutalbumet Først, er Roaldsnes ein vi gler oss stort til å høyre. 

Bassist og komponist Lars Martin Vik har bakgrunn frå jazzlinja ved Musikkonservatoriet i Trondheim, og har gjort seg bemerka både som soloartist og som del av ulike ensemble. Han har tidlegare gitt ut instrumental-albumet Växthus, og har bidrege på fleire album, blant anna med Sandvika Storband. 

Som gjest har vi den strålande Tone Oline Knivsflå frå Geiranger. Ho har nyleg gjort ferdig utdanninga si ved Teaterhøgskulen og er òg ein svært dyktig vokalist. Vi gler oss til å sjå kva ho vil bringe til denne kvelden.

Vel møtt til ein festivalpub fylt med stemningsfull musikk, inspirerande samspel og høg hyggefaktor.

***

Tid: Fredag 15. September 2023 kl. 22:00
Stad: Hotel Union Geiranger – Foajeen
Billettpris: Kr. 200
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)