
Strykekvartetten til Operaens Sinfonietta framfører Sjostakovitsj’ 10. strykekvartett, som kanskje er hans mest spelte og populære. Sjostakovitsj skreiv i alt 15 strykekvartettar. Som i mykje av Sjostakovitsj sin musikk har desse kvartettane blitt til i spenninga mellom komponisten sitt ynskje om å la kreativiteten få fritt utløp og Sovjetstyresmaktene sine strenge krav.
Dette er sterk og inderleg musikk!
Med: Trond Harald Saltnes (fiolin), Odd Sonntag (fiolin), Anna Ostachowska (bratsj), Zhala Aliyeva (cello)
Koret Coda Vokal frå Trondheim har vunne NM i kor, og vi gler oss stort til dei kjem til Festspela i Geiranger. Kammerkoret består av 14 kvinner, som ønsker å skape magiske øyeblikk mellom musikken og publikum.
Tid: Laurdag 01. oktober 2022 kl. 11:00
Stad: Geiranger kyrkje
Billettpris: Kr. 200/100
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)